Putin er verdsleiaren nordmenn fryktar mest, viser undersøking

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Putin er verdsleiaren nordmenn fryktar mest

Nest flest, 25 prosent, meiner den kinesiske presidenten Xi Jinping utgjer den største trusselen, viser undersøkinga Ipsos har gjennomført for Dagbladet.

Deretter følgjer Nord-Koreas Kim Jong-un med 20 prosent, medan berre 4 prosent meiner USAs Joe Biden er den største trusselen. 7 prosent meiner ingen av dei fire utgjer ein trussel, medan ytterlegare 7 prosent svarar veit ikkje.

– Ikkje overraska

Direktør Iver B. Neumann ved Fridtjof Nansens Institutt seier han ikkje er overraska over tala. Han peikar mellom anna på at nordmenn er obs på Russland fordi det lenge har vore ein trussel, og at landet ligg mykje nærare oss ein både Kina, Nord-Korea og USA.

LES OGSÅ: «Norsk-russisk samarbeid nyttar i kampen mot miljøøydeleggingar»

Forskar: – Kina er potensielt den store trusselen

Neumann meiner derimot at Russland er «ein liten spelar i verda» og peikar heller på Kina som den potensielt store trusselen.

– Kina er den makta som vil kaste om på ting, og det har vore klart dei siste 15 til 20 åra. Det burde vore meir pressande, men eg synest ikkje det er spesielt rart at folk svarer det dei svarer, seier Neumann. (©NPK)

LES OGSÅ: Ber Noreg støtte samfunnet, ikkje Putins «kvasikriminelle organ»

LES OGSÅ: Russiske Julija (26) risikerer seks års fengsel for teikningane sine

Den russiske læraren og kunstnaren Julija Tsvetkova (26) har mista jobben og risikerer fengsel og bøter som følgje av sine illustrasjonar og engasjement knytt til kroppspositivisme, kvinnefrigjering og LHBT-rettar. Foto: Amnesty International