Fritidskarantene: «Ikkje straff lærarane for å gjera jobben sin»

Emilie Skoland (23)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. 

Når me no har byrja ein ny runde med pandemi og stadig nye mutantvariantar, bør regjeringa vera rimeleg skråsikker i si sak før ho tek til orde for å skilja tiltak mellom ulike samfunnsgrupperingar.

Med von om eit betre år enn 2021, startar ikkje 2022 særleg bra for våre kvardagsheltar i skulen.

«Fritidskarantene»

Dei fleste kan nok seia seg einige i at tiltaka frå 15. desember gav ein merkbar knekk i motivasjonen.

Ikkje berre har pandemien sett ein dempar for fleire frivillige organisasjonar og fritidsaktivitetar, men dei som i utgangspunktet ikkje har det bra har fått det desto verre.

Det er enklare å stå i det dersom dette er noko me alle gjer i lag.

Som om denne urettferda ikkje har ført til nok einsemd og auka skilnader, har regjeringa innført «fritidskarantene» for nærkontaktar som underviser i skulen.

I praksis er dette å påføra husarrest på ei gruppe menneske som knapt ikkje har gjort anna enn å til stadigheit omstilla seg og gjera det beste ut av situasjonen slik den er. 

Ikkje straff lærarane

For meg synest det til at det ikkje vert teke omsyn til at lærarar har eit liv utanfor skulen sitt geografiske område, gjerne med sine kjære familiemedlemmar som òg rammast av avgrensa mobilitet.

Eg har forståing for at det er behov for å halde smitten låg. Samstundes trur eg det kan kjennast meir inngripande når regjeringa no vel å gjera forskjell på folk utifrå kva slags yrkesgruppe dei høyrer til. Det er enklare å stå i det dersom dette er noko me alle gjer i lag.

Eg vonar utdanningsminister Tonje Brenna (Ap) neppe ønskjer seg utslitne lærarar i skulen. Lærarar står opp kvar dag for å gi unge og lovande den beste utdanninga dei kan få – dei fortener ein betre løysing enn den som gjeld i dag.

Ikkje straff lærarane for å gjera jobben sin.


Har du noko på hjartet? Send tips eller eit innlegg til tips@framtida.no! 


Tyggisen mot koronasmitte skal ha samme konsistens og smak som ein vanleg tyggis. Foto: Karina Miranda/Unsplash, Mark König/Unsplash, SARS-CoV-2 illustrasjon: Alissa Eckert, MS; Dan Higgins, MAM/CDC/Wikimedia Commons, Collage: Framtida.no