Verdas eldste person heiter Kane Tanaka. På søndag hadde ho bursdag, og då vart ho 119 år gamal.
Ifølgje The Japan Times er målet hennar å verte minst 120 år gamal.
Tanaka vart fødd i 1903 i Japan, og bur i dag på ein eldreheim i byen Fukuoka. Der likar ho mellom anna å utfordre seg sjølv ved å løyse tal-gåter, melder avisa.
Fekk Cola til bursdagen
Kane Tanaka er også veldig glad i brus og sjokolade, og til bursdagen fekk ho difor to Coca Cola-flasker der det stod «gratulerer med dagen» på etiketten, samt namnet og alderen hennar.
– Eg håpar ho held fram med å vere frisk og ha det moro kvar dag som ho vert eldre, fortalde barnebarnet hennar Eiji Tanaka (62), ifølgje The Japan Times.
I tillegg til å vere verdas eldste nolevande person, er Tanaka den eldste personen i Japan noko sinne. På verdsbasis har 119-åringen endå nokre år att før ho kaprar rekorden, for franske Jeanne Calmet skal ha vorte heile 122 år før ho døydde i 1997.
Den eldste nordmannen noko sinne skal ha vore Maren Bolette Torp frå Oslo. Ho rekte å fylle 112 år og 61 dagar før ho døydde i 1989.
