Vil bli den yngste kvinna som flyg rundt jorda åleine

Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 10.09.2021 16:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om medaljane Noreg har teke i Paralympics

Dei fleste studentar tek seg eit friår mellom vidaregåande og høgare utdanning. Men det var ikkje noko Zara Rutherford (19) var interessert i.

Den 18. august la ho ut på ei reise ho seint kjem til å gløyma, som kjem til å ta ho 52.000 kilometer rundt jordkloden. Og ikkje nok med det – ho skal flyga distansen i eit fly der det berre er plass til ho. 

Planen er at ho skal vera på reise til starten av november. Greier ho det, vil ho bli den yngste kvinna som har floge rundt kloden åleine i eit enkeltmotorfly, skriv CNN.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av FlyZolo (@fly.zolo)

Vil inspirera jenter og kvinner

– Dette er ein draum eg har hatt veldig lenge, men han har alltid verka veldig urealistisk, seier Rutherford, som har britisk-belgisk nasjonalitet.

– Då eg bestemte meg for å ta eit år fri før eg startar på universitetet, skjønte eg at eg hadde mykje tid til eg kunna bruka på det eg ville. Eg kunne like godt gjera noko med ho.

Rutherford seier at ho håper å ta rekorden som den yngste kvinna til å flyga rundt jorda –  og i tillegg kunne inspirera fleire jenter og kvinner til å satsa på ein karriere innan vitskap og luftfart.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av FlyZolo (@fly.zolo)

Lærte å fly då ho var 14

Reisa til Rutherford starta i Belgia. Deretter skal ho flyga vestover gjennom 52 land og fem kontinent.

Ho skal kryssa ekvator to gonger, først i Tumaco i Colombia, og igjen i Jambi i Indonesia. Nettopp dette er ein del av Guinness World Record sitt krav for at forsøket skal bli godkjent.

Her kan du sjå reiseruta hennar:


Skjermdump frå Instagram @astro_lizs_lab