Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sidan eg var heilt liten har eg alltid vore fasinert av desse gigantane frå ei svunnen tid, seier Harrison Duran (23) til amerikanske NPR (National Public Radio).

Funnet har fått mykje merksemd og er mellom anna omtala av The New York Times, CBS News og norske Nettavisen.

Paleontologisk utgraving

I juni var Duran med på ei paleontologisk utgraving saman med Michael Kjelland, ein biologi professor ved Mayville State University of North Dakota.

Dei to møttest på ein konferanse for ei stund tilbake sidan, og fekk eit mentor-elev forhold.

No er Duran lærling i Kjelland sin frivillige organisasjon, Fossil Excavators.

Les også om norske Nellie som fekk jobb i BBC: – Det er fantastisk å få lov til å ha ein kanal der eg får vise kor kult naturvitskap er

Dinosaurfossil frå krittida

Utgravinga var ein del av ein to vekers paleontologisk ekspedisjon til Badlands i North Dakota. Området Hell Creek Formation er kjent for dinosaurfossil frå krittida, og det var her dei kom over hovudskallen.

– Det er nesten som eit spirituelt augeblikk, ettersom dette temaet har vore ein stor lidenskap for meg, seier biologistudenten om funnet.

Les også: Jernalderen: Nordmenn tilpassa seg kaldare klima

Triceratops var stor, men åt berre plantar. Illustrasjon: Matthew Martyniuk

Håpar å inspirera og engasjera

Ifølgje Store norske leksikon vart triceratops om lag 8 meter lang med relativt kort hale og elefantliknande føter. Dinosauren er lett å kjenna att på grunn av det store hovudet med to horn og ein beinkrage ved nakken.

Dyret var også planteetar og hadde eit nebb, framfor fortenner. Tilgjengjeld hadde dei 600 tenner til å kutte og tyggje med.

Planen er å stille ut Alice, som hovudskallen har vorte døypt, på University of California, Merced, der Duran studerer biologi. Han håpar at den 65 millionar år gamle skallen vil vekke interesse hos fleire for korleis verden var før vår tid.

– Målet vårt er å inspirera ålmenta og på nytt engasjera folk i paleocologi, paeontologi eller berre til samtalar rundt temaet, forklarar Duran.