«Overtrykk 2021»: Mangfaldig og herleg

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år gir forlaget Überpress ut ein antologi med nyskrivne teikneseriar. Eit knippe serieskaparar får nokre sider kvar til å boltra seg på. Resultatet er som ein pose Godt & Blandet – mangfaldig og herleg.

Årets antologi frå Überpress heiter Overtrykk 2021. Som i tidlegare überantologiar finst det mykje magi i Overtrykk 2021. Alle teikneseriane hamnar i kategorien fabelprosa. Likevel blir det ikkje einsidig – det er eit stort mangfald blant teikneseriane i antologien. Sjeldan verkar dei overnaturlege elementa som ein påklistra gimmick, alle serieskaparane klarar å bruka trekk frå fabelprosaen til å skapa noko unikt.

Forholdet mellom menneske og natur er tema i fleire av teikneseriane. Det er ikkje ein uvanleg trope i fabelprosaen. I Overtrykk 2021 ser moralen ut til å vera at det er både farleg å dumt å tukla med naturen. Me bør ikkje prøva å temma eller overgå naturen, men leva i harmoni med han.

Manglar på historieforteljing

Dei fleste bidragsytarane har meir erfaring med illustrasjon og teikning enn historeforteljing. Det merkar ein når ein les. Alle teikneseriane i Overtrykk 2021 har særeigne og gjennomarbeidde visuelle uttrykk. Dessverre haltar ofte forteljingane.

Hovudoppgåva til ein teikneserie – til skilnad frå til dømes eit måleri – er å fortelja ei historie. Eg synest at fleire av forteljingane i Overtrykk 2021 er i enklaste laget. Det er sjølvsagt vanskeleg å fortelja noko veldig komplisert på så få sider som desse serieskaparane har til rådvelde. Men i dei fleste teikneseriane saknar eg spenning og større konfliktar.

Illustrasjon: Oliver Levang / Überpress

Mykje spennande å sjå fram til

Antologien har sine høgdepunkt. Særleg så er teikneseriane På avvegar av Oliver Levang og Trollfest Ørjan Aarvik døme på drivande god historeforteljing. Båe to brukar karakterar frå tidelegare überantologiar, og dei viser at dette er heilstøypte karakterar som dei god kontroll på. Ikkje minst lèt dei temperamentet og kjenslene til karakterane vera den styrande handlinga – det skapar interessante forteljinger.

Overtrykk 2021 – som tidlegare antologiar frå Überpress – gir eit innblikk i fleire ikkje fullt så kjende krokar av det norske teikneserieuniverset. Alle bidragsytarane er òg intervjua, og me får tips til kor me kan finna meir innhald dei har laga. Eg trur me har mykje spennande å sjå fram til frå desse serieskaparane.


Frå framsida på Troll i ord-antologien til Überpress.