Erlend Skjetne
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Langt mot nord, på austsida av Nordkynhalvøya lengst ut i den lange Tanafjorden, ligg Finnkongkeila. Eller låg Finnkongkeila.

Det merkverdig stadnamnet består. Men sit ein og granskar kartet, ser det ikkje ut til å finnast noko som helst her: Ikkje eit hus, ikkje ein vegstubb, berre ei lita vik der høgdekurvene ligg tett i tett ned mot fjorden.

Kikar ein derimot på satellittbilete, vil fleire strukturar avteikne seg: Her er flust av hustufter i det grøne graset, og ser ein ikkje jamvel ein steinmur langsmed elva som renn ned mot stranda?

Her må noko ha hendt.

Ein vindsveipt sundag

To gonger har eg møtt Knut Øyvind «Keila» Johansen, båe gongene i Gamvik, i luftline snaue to miler frå Finnkongkeila.

Pensjonert fiskar Knut Øyvind «Keila» Johansen er ein av dei siste attlevande av dei som er fødde i Finnkongkeila. Foto: Erlend Skjetne.

Den fyrste gongen var ein sundag i september. Eg og sambuaren min var på ein helgetur frå Lakselv der vi budde, hadde overnatta ei natt i Mehamn, utan å vera veldig imponerte over fasilitetane. No var vi svoltne og halvdaude av kaffitorst, men ettersom Gamvik er ein endå mindre stad enn Mehamn, forventa vi ikkje å finne noko som helst der.

Bygda har vore sterkt prega av den same fråflyttinga som diverre har råka mange småe stader på kysten av Finnmark etter magre tiår i fiskeria.

Legg ein til regn og vind og ein svært barsk og fullstendig trelaus natur, er det inga overdriving å seia at Gamvik fortona seg som noko dystert.

Vi skulle berre køyre ein snartur og sjå på Slettnes fyr, det nordlegaste fastlandsfyret i verda, så skulle vi byrja på den lange heimvegen – altså utan å ha fått drukke kaffi.

Slettnes fyr ligg kring tre kilometer nord for Gamvik. Foto: Henny stokseth / CC BY-SA 4.0

Vi tenkte fyrst ikkje nemneverdig over ei lita raud hytte midt i steinrøysa. Men så kom vi nærare, og kva openberra seg? «Kaffe og vafler!» stod det på ein plakat. «Velkommen inn!» Vi våga likevel ikkje heilt å tru på det. Men då vi tok i klinka, gleid døra faktisk opp.

Det synte seg at lokale eldsjeler held den såkalla Slettnes-hytta open ein sundag i ny og ne. Det var ikkje mange gjestar der inne, men det sat ein aldrande herremann ved eit bord, som helsa oss med orda: – Jaså, er de to her!

Dette var Knut Øyvind Johansen, «Keila» mellom vener. Vi byrja snakke med han om laust og fast, og etter kvart spurde eg om han var innfødd gamvikværing. – Nei, sa han, eg er frå Finnkongkeila.

Eg heldt på å falle av stolen.

Eg hadde lese ein heil del om Finnkongkeila, men aldri drøymt om at eg ville få møte eit menneske som faktisk kjem derifrå. Så sjokkert vart eg, at eg heilt gløymde å fotografere og notere, som er det normale å gjera i ein slik situasjon. Andre kom til, det vart kaffi og vaflar og riktig så god stemning i den lune hytta, og nye emne stal merksemda.

I ettertid har eg tenkt at sjansen gjekk ifrå meg, at eg burde ha snakka litt grundigare med Knut Øyvind Johansen den sundagen for snart fem år sidan.

Men så kom eg attende til Gamvik no i sumar, for å syne fleire i familien min denne spesielle staden så å seia ved verdas ende. Kven ser eg trillande langsetter vegen ved hamna i Gamvik, andre enn nettopp «Keila»? Eg formeleg kasta meg over han og kravde eit intervju.

Slik ser det ut i Gamvik i dag, fiskeværet der Knut Øyvind Johansen har levd det meste av livet sitt.

Oppgang og nedgang

– Eg er ute ein tur kvar dag, fortel Knut Øyvind Johansen, kledd i vottar og tjukk dunjakke i midten av juli.

Han fekk eit slag for ti års tid sidan, og er difor avhengig av ein motorisert farkost, ein slags skuter, for å koma seg rundt. Men det hindrar han ikkje. – Eg har vore fiskar i 50–60 år, så eg liker ikkje å sitja inne. Vêret spelar ikkje store rolla, eg må ut og sjå kva som føregår.

No er det faktisk noko som føregår i Gamvik.

For nokre år sidan kom eit par islendingar til det gamle været og starta opp att fiskebruk, så no er det store utbyggingar, fiskebåtar som kjem inn med leveransar, folk i husa og liv på butikken.

– Det har alt å seia, meiner Knut. – Det kvikkar opp tilværet mitt veldig å sjå den aktiviteten som er her no. Gamvik har lege i daudvatnet lenge, og hadde det ikkje vore for desse islendingane, hadde vi sete her ein kall i kvart hus og rotna bort.

Det vi kan fastslå, er at tidene skifter. Ei bakevje i går kan bli ein viktig stad i morgon – eller motsett. Og nokre stader, dei historia herjar aller hardast med, får kanskje aldri nytt liv.

Til og med eigen hornmusikk hadde dei i Finnkongkeila. Trønderen Christopher Thingstad, som eigde eit av fiskebruka på staden, skal ha gjeve arbeidarane musikkinstrument for å halde dei unna brennevinet. Foto: Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark IKS.

Mellom fjorden og offersteinen

Namnet Finnkongkeila syner til ein stor stein litt opp frå vika eller keila. Sjøsamane nytta denne «finnkongen» eller kanskje helst «finnkona» som offerstad i tidlege tider, då det var dei som i hovudsak dreiv fiske frå Finnkongkeila.

Fråstanden til gode fiskefelt var og er liten her, og på midten av 1800-talet kom nordmenn og slo seg ned. Med dette byrja ei rivande utvikling: Rundt år 1900 skal inkje mindre enn tusen mann ha rodd fiske frå den tronge vika.

Nettopp den avgrensa plassen bidrog til at Finnkongkeila – som ein av fåe stader i det sparsamt busette høge nord – fekk ein slags byplan, eit kart der ein ser tydeleg teikna inn dei ulike bygningane og bruksområda deira: Her var tre fiskebruk, damperi, egnebuer, pakkhus, rorbuer, mengder av hjellar, ja, endåtil ein liten jarnbanestubb til naudsynt varetransport.

Hurtigruta gjekk i si tid inn hit, to kjøpmenn dreiv butikk her, og det var postkontor, telegrafstasjon, omgangsskule og eige bedehus. Menneska budde tett i tett, husa var – som Knut hugsar det – «spikra fast i kvarandre». Elva vart altså regulert med steinmurar og steinsett botn, dette for å unngå flaum. Eit slikt stort arbeid vitnar om kor viktig staden var.

Kven veit korleis Finnkongkeila kunne ha sett ut i dag – om det ikkje hadde vore for andre verdskrigen.

Her ser ein tydelig den steinsette elva i Finnkongkeila. Skutene som ligg til kai er russiske pomorskuter. Foto: Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark IKS.

I den sorte gryte

Den 4. november 1944 var Knut Øyvind Johansen åtte år gamal. Lenger vest og sør i Noreg skal krigen enno vare i mange månader.

Men austfrå pressar russarane på, og tyskarane har no iverksett «Operation Nordlicht», «Operasjon Nordlys», der planen er å trekkje seg attende til ei ny frontline ved Lyngen i Troms.

For å gjera livet så vanskeleg som mogleg for fienden, kjem det ordre frå Adolf Hitler i eigen person om å nytte «den brente jords taktikk»: Alt av bygningar og infrastruktur nord og aust for den nye frontlina skal brennast, og menneska evakuerast til sørlegare delar av Noreg.

Knut Øyvind Johansen hugsar at tyskarane kom inn til Finnkongkeila med ein diger landgangspram, og kalla inn til allmøte der dei forkynte dei dystre planane sine. – For dei som ville vera med sørover, var det berre å gå om bord, fortel Knut. – Ville ein ikkje vera med, kom ein til å bli skoten.

Glade born i Finnkongkeila i 1937, sju år før flammane fortærte staden. Foto: Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark IKS.

Den same trugselen hang over 70.000 menneske i Finnmark og Nord-Troms desse dramatiske haustvekene. Ikkje di mindre skal så mange som 23.000 ha valt å gøyme seg unna på fjell og i anna utmark, i holer, gruvegangar og der skjulestader elles fanst.

– Eg og bror min budde hjå besteforeldra våre, fortel Knut. – Bestefar var kommunist, så det kom ikkje på tale å gje seg med tyskarane. Vi var atten menneske som flykta oppgjennom fjellsidene med sengeklede og det heile. Bygda brann og det var varmt som i ei gryte der nede.

– Eg hugsar tydeleg at tyskarane skaut opp ein lysgranat, så det vart lyst som midt på dagen. Men vi gøymde oss unna, og sov den natta oppe i lyngmarka. Neste dag gjekk vi ned til ei lita vik nord for Finnkongkeila, som blir kalla Lillekeila. Der var det ein stor stein, meir som ei hole, og der budde vi heile gjengen i 15–20 dagar, medan nokre av mannfolka streifa rundt for å undersøkje om tyskarane var borte.

– Nede i Finnkongkeila var det rikeleg med mat å finne, etter at tyskarane kasta granatar inn i mange hus så alt mogleg vart sprengt utover. Mennene greidde òg å få lappa saman nokre spissbåtar, eg trur det var tre stykk, som dei rodde til Lillekeila og henta oss andre med.

Deretter gjekk turen sørover til Rafjorden, der det enno, slik Knut hugsar det, fanst bygningar og menneske att. Derifrå vart dei henta med ein oppsamlingsbåt ført av nordmenn; denne kom frå Båtsfjord på den andre sida av Tanafjorden.

Russarane var allereie komne til Tana, så den austlegaste delen av Noreg var no å rekne for frigjort. Båtsfjord var eit fiskevær der det meste av bygningsmassen hadde berga, og husa den vinteren mange flyktningar frå andre bygder i området.

Knut og familien vart snart sende vidare til Vardø, Noregs austlegaste by, som òg unngjekk dei tyske flammane. Men den byen var til vederlag grundig utbomba, mellom anna av russarane. – Det var ein spennande stad å vera for oss ungane, seier Knut. – Eg hugsar det nærast som ein spøkjelsesby, med mange halve hus. Det var artig å leike seg der.

Finnkongkeila

Slik ser det ut i Finnkongkeila i dag. Ikkje ei einaste bygning står att. Foto: Fredrik Fongen

Heimlengt?

For nokre vart den lange reisa sørover så hard og krevjande at dei aldri fekk sjå sine kjære heimstader att. Men dei fleste frå Finnmark og Nord-Troms som var ved helse til å greie det, hadde det svært travelt med å koma seg nordover att då krigen definitivt var over. Den offentleg vedtekne planen om gjenreising av dei nedbrende og utbomba nordområda, var eit formidabelt arbeid.

Knut kom til Gamvik i 1946. Kvifor ikkje til heimstaden, til Finnkongkeila? Jo, fordi dei norske mynda avgjorde at Finnkongkeila var mellom dei stadene som ikkje skulle byggjast opp att. Dette på grunn av det bratte terrenget, med stor rasfare sumar som vinter.

Menneska frå Finnkongkeila vart spreidde for alle vindar. Så vidt Knut veit, er det i dag berre han og eit par til som lever, av dei som i si tid var born i Finnkongkeila.

Det går ingen vegar eller eingong tydelege stigar til Finnkongkeila, ein må ta seg fram over fjellet eller nytte båt. – Eit par gonger har eg segla inn dit, fortel Knut. – Ein kan vel eigentleg vera glad at ein er komen bort derifrå, så skummel som vika er med tanke på ras.

Men har han nokon gong sakna heimstaden?

– Eg har ikkje hatt all verdas tid til å tenkje bakover, avrundar Knut. – Men det er klart, no når ein har vorte pensjonist, hugsar ein plutseleg både det eine og det andre. Då kan det jo vera litt rart å tenkje på dette, at ein kjem frå Finnkongkeila.

Ein annan versjon av denne teksten har tidlegare vore publisert i avisa Ságat. Takk til Gamvik museum/Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark IKS for verdifull info.

Les også Erlend Skjetne sin tekst om historia om slaget ved Gallipoli: Gløymde heltar?

Frå landgangen ved Anzac i 1915. Måleri: Charles Dixon