Trans-kritikken mot SNL: «Manglar både nyansar, kunnskap og respekt»

Ulrikke Torgersen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit svar til professorane som i Aftenposten førre veke kritiserte SNL for å drive med pseudovitskap og propaganda i sine artiklar om kjønn.

«Pseudovitenskap og propaganda har fått rå grunnen kamuflert som fagkunnskap på kjønnsfeltet», skriv Anne Kalvig, professor i religionsvitskap på Universitetet i Stavanger og Kamilla Aslaksen, førsteamanuensis i nordisk litteratur i Høgskolen i Innlandet i Aftenposten.

Eg meiner kronikkforfattarane uttalar seg klønete, uvitskapeleg og svært problematisk rundt kjønn, transpersonar og kjønnskorrigerande operasjonar.

Dei kjem med kraftig kritikk og står i fronten for ei klage som er gjeven til Store norske leksikon (SNL), fordi dei meiner leksikonet formidlar «…pseudovitenskap og ideologi» i motsetnad til «konsensus innen kvalitetssikret, solid forskning» på kjønnsfeltet.

Kronikken baserer seg på eit opprop signert av 25 personar, som er alt frå kunstnarar til legar. (Det er verd å merke seg at ingen av dei 25 er fagpersonar på kjønnsfeltet eller jobbar med transpersonar og kjønnsinkongruens – heller ikkje legane.)

Forfattarane hevdar leksikonet sine artiklar om kjønn brukar feilaktige påstandar.

Dei argumenterer sterkt for at ein ikkje kan bruke omgrep som «kjønn tildelt ved fødselen» då ein «ikke i naturvitenskapelig forstand [kan] være «ikke-binær», dette er trosoppfatninger, selviscenesettelser og sosiokulturelle trender.»

Basert på forsking

Det kronikkforfattarane gløymer å nemne er at SNL sine artiklar er i tråd med både Verdas Helseorganisasjon sin kunnskap – og er støtta av ein stort internasjonalt konsensus på fagfeltet.

Basert på kronikken skulle ein nesten tru at ein gjeng radikaliserte ideologar har brote seg inn i SNL sine kontor

Derimot skriv kronikkforfattarane at forfattaren på kjønnsfeltet i SNL er driven av «aktivisme».

Basert på kronikken skulle ein nesten tru at ein gjeng radikaliserte ideologar har brote seg inn i SNL sine kontor og maltraktert leksikonet etter eige tykke — men sånn er det altså ikkje.

Leksikonet baserer seg på den beste forskinga og legevitskapen vi har på kjønnsfeltet i dag.

Kronikken opplever eg som eit feilslått varsel om at transpersonar nærast har kuppa den akademiske diskusjonen.

Debatt om transpersonar eksisterer?

At folk bryt med kjønnsnormene og lever som eit anna kjønn enn det dei blei tildelt ved fødselen, har skjedd i mange ulike kulturar over heile verda gjennom fleire tusen år.

Likevel er menneske som bryte med to-kjønnskonvensjonane framleis ikkje anarkjende i samfunnet og transpersonar er i eit betydeleg mindretall.

Eg er oppriktig nysgjerrig på kva slags ideologisk kamp kronikkforfattarane meiner dei kjempar når dei vil avsjå transpersonar og ikkje-binære tilhøyrsle i den medisinske røynda.

Det virkar som om forfattarane prøver å skjule det heile bak ein identitetspolitisk diskusjon, når det dei eigentleg legg opp til er ein debatt om transpersonar i det heile tatt eksisterer.

Livsviktig behandling

Vidare måler kronikkforfattarane opp skremselsbilete om kjønnsstadfestande behandling:

«SNL har fortalt folk at å kutte av seg brystene og ta kjønnskontrære hormoner som kan gjøre deg steril, hindre evne til orgasme, føre til blodpropp og benskjørhet, er eksempler på «kroppslige justeringer» innenfor et sunt mangfold», skriv dei.

Då hoppar dei glatt over all forskinga som viser at kjønnsstadfestande behandling gir transfolk og personar med kjønnsinkongruens betydeleg betre helse og livskvalitet.

I tillegg er det verd å nemne at Noreg er eit land der det er vanskeleg å få gjennomført kjønnstadfestande behandling, og at mange transpersonar framleis opplever skepsis og mistenkeleggjering i møte med helsevesenet i Noreg.

Ikkje berre er kronikkforfattaren si framstilling av denne type behandling unyansert, men også ei grov forenkling av dei medisinske realitetene av behandlinga.

Ja, dette er vanskelege avgjersler som blir tekne – av helsepersonell – kvar dag, og kan ha konsekvensar. (Det gjeld også for alle andre behandlingar og medisinar!)

Men behandlinga er også livsviktig, og gir store fysiske og psykiske helsefordelar for transpersonar og personar med kjønnsinkongruens.

Vi burde ta debatten om korleis vi kan gjere kjønnsstafestande behandling så trygg som mogleg for alle, i staden for at vi lekpersonar skal debattere om ei slik behandling «øydelegg» ein menneskekropp.

Transpersonar sine rettar går ikkje utover meg

Tilslutt opplever eg at kronikkforfattarane framleis trur at kamp om rettar, er ein avgrensa ressurs ein må kjempe om.

At transpersonar sine rettar gir mindre plass til andre likestillingskampar.

Eg vil trøyste dei med at respekt i seg sjølv ikkje er ei mangelvare. At transpersonar sine rettar verken går utover meg, eller andre cis-kvinner og -menn.

Eg vil heller minne dei om at ressursknappheita av respekt eksisterer så til dei grader overfor transpersonar, og nettopp er ein ressurs vi må kjempe for å auke, kvar dag.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar.