«Ein heilt sjuk haust»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I august begynte eg på eit nytt studium, etter å ha fullført fagskuleutdanninga mi. Å begynne på ein bachelorgrad reddar meg i tre år med juleselskap.

Kvar gong nokon spør meg kva eg driv med no, så kan eg seie at eg har fullført fagskuleutdanninga mi i illustrasjon og at eg no tek ein bachelor i noko nytt som heller ikkje kjem til å gje meg jobb.

Eg hadde gleda meg enormt mykje til å begynne på universitetet. Det har alltid vore ein draum, og eg må ærleg innrømme at eg har romantisert kollokviegrupper, forelesingar og lesekveldar så til dei grader. Eg kjøpte pensumbøkene før eg hadde fått studieplass, liksom. Eg var ikkje berre klar, eg var klar.

Då er det jo berre typisk meg å bli smitta med kyssesjuka sekundet etter fadderveka var slutt. Etter friskemelding frå kyssesjuka etter to månadar, fekk eg influensa, og no i eksamensinnspurten fekk eg augelokkbetennelse.

I løpet av haustsemesteret i år har eg vore på skulen ca. 12 dagar. Det er intenst, fordi eg pleier aldri å vere sjuk. Det er i alle fall det mor mi seier.

Ho pleier å seie at eg og bror min har veldig gode immunforsvar, og at vi aldri var sjuke då vi var små. Når eg ser tilbake på denne påstanden i vaksen alder, innser eg at eg var sjuk ganske ofte – det var berre det at mamma sende meg på skulen uansett.

Er det ein ting som ikkje har vore godkjent dette halvåret, så er det å gå på skulen eller å gå ut dersom ein er sjuk. Hostar eller nys ein på banen i Oslo, snur fem folk seg og Securitasen skyt deg på staden – og eg er sikker på at det var fleire som tenkte at eg hadde fått korona i auga då eg gjekk med augelappen min.

Hostar eller nys ein på banen i Oslo, snur fem folk seg og Securitasen skyt deg på staden

Å snakke om kor sjuk eg har vore dette halvåret er jo i utgangspunktet kjedeleg – og kva gjer ein for å framstille kjedeleg informasjon interessant? Ein lagar ein fargerik infograf.

La meg presentere: 2021WRAPPED, helse-utgåva.

Det er faktisk litt ironisk at eg har vore så mye sjuk denne hausten – utan at det var korona.

Sjølv om det berre var ein av desse gongane eg heldt på å døy (då ein lege sette meg på gastritt-medisin som heldt på å få leveren min til å sprekke, for så å seie at eg skulle ta paracet), har hausten vore litt slitsam.

Men ein kan jo ikkje anna enn å gjere sitt beste, og være glad for at ein bur i ein velferdsstat som vaksinerer oss, gir oss klippekort hos helsetenester (eller frikort som det også heiter), og betalar for medisinane våre (så lenge det ikkje blir dyrt).

God jul!


Les også om veka då alt gjekk til helvete: Inkassovarsel, p-stav på vandring og drapstrugslar