Raudt nivå i vidaregåande
Regjeringa innfører gult nivå i grunnskular, pluss raudt nivå i vidaregåande skule. Lærarar bør prioriterast til tredje dose.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er veldig viktig for oss å skjerme barn og unge så langt det lèt seg gjere, så dei kan vere på skulen og i barnehagen. Når vi no endrar til gult og raudt nivå, er det for å hindre smitte og sørgje for at elevar og lærarar held seg friske og kan vere på skulen, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) peikar på at smitten aukar blant dei yngste. Regjeringa ber kommunane om å prioritere tilsette i skular og barnehagar for ein tredje vaksinedose.
– Raudt nivå på vidaregåande
– Tilsette i skular og barnehagar skal vere trygge på jobb. Det er på høg tid at tilsette i skular og barnehagar blir prioriterte i vaksinekøen. Når vi no byrjar å setje den tredje vaksinedosen, ber regjeringa kommunane prioritere dei tilsette i skular og barnehagar. Vi treng at dei tilsette er friske og på jobb med godt vern mot alvorleg sjukdom, for å halde skular og barnehagar opne, seier Brenna.
Samtidig blir det raudt nivå for vidaregåande skule, og dessutan grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.
Universitet, høgskular og fagskular får krav om å leggje til rette for digital undervisning, ferdigheitstrening og eksamen så langt det er mogleg.
Tiltaka gjeld frå torsdag denne veka. (©NPK)
LES OGSÅ: Korona påverka søvnen vår – og vil halde fram med å gjere det