Ungdomspartia kårar årets heltar: Pfizer, sjukepleiarane og AUF

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida har stilt leiarane i ungdomspartia spørsmål om året som gjekk og ønske for 2022.

Ola Svenneby – leiar i Unge Høgre

Ola Svenneby er leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høyres Landsforbund

Årets helt: Pfizer
Serien eg såg mest: Ser ikkje så mykje på seriar, men den som gjorde sterkast inntrykk på meg, var It’s a sin på HBO.
Årets beste film: Ser sjeldan film. Einaste eg kan hugse å ha sett i 2021 er Green book, så då må det bli den.
Beste boka eg las i år: Likte godt boka om Martin Kolberg. Fin fyr.
Lydsporet til mitt 2021: Det nye albumet til ABBA.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona?
Alt som vart avlyst då regjeringa stengde ned i desember. Det var eg ikkje klar for.
Draumeoverskrift: «Høgre større enn Arbeidarpartiet på ny meiningsmåling».

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby gler seg over at ungdomspartiet har verva rekordmange nye medlemmer i året som gjekk.

Den største skuffelsen i 2021 var den raudgrøne valsigeren i stortingsvalet.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Bileta frå gjenåpninga i september.

Festglade folk inntok Oslo på gjenopningskvelden i slutten av september. Alex Tresadern (t.v.) hadde ein festlig kveld på Winston pub. Foto: Annika Byrde / NTB

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– Ny regjering.


Astrid Willa Eide Hoem – leiar i AUF

Astrid Willa Eide Hoem

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

Årets helt: Alle unge som har opplevd nok eit år prega av korona og at mykje ein har gledd seg til har vorte avlyst. Dei er mine heltar.
Serien eg såg mest: The Morning Show
Årets beste film: Generasjon Utøya
Beste boka eg las i år: Et liv forbi av Helga Flatland.
Lydsporet til mitt 2021: Det kommer bli bra av Laleh.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Felles sommarleir med heile landet på øya vår. Heldigvis fekk vi arrangert tredelt sommarleir!
Draumeoverskrift: «Vi har løyst klimakrisa!»

Det som gav AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem mest glede i 2021 var å drive valkamp i lag med AUF-arar i heile landet, og at Ap vann valet.

Ho er mest skuffa over at Noreg tviheld på vaksinane i staden for å dele med resten av verda.

– Det er både usolidarisk med menneske som vert sjuke verda over, og uklokt med tanke på nye mutasjonar, meiner ho.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Kos og allsong rundt leirbålet på Utøya.

Foto: Astrid Hoem

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– At vi kuttar massivt i klimagassutslepp, stoppar dei aukande skilnadane og gir oss unge dei samme moglegheitene som generasjonane før oss har hatt.


Ulrikke Torgersen – talsperson i Grøn Ungdom

Ulrikke Torgersen, talsperson i Grønn Ungdom.

Årets helt: Intensivsjukepleiaren og sjukepleiarar over heile landet.
Serien eg såg mest: Seinfeld
Årets beste film: Bo Burnham sin Inside.
Beste boka eg las i år: Hersketeknikker av Sigrid Sollund.
Lydsporet til mitt 2021: Veronica Maggio – Daddy Issues
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Alle medlemsmøte, landsstyre og ikkje minst landsmøta til organisasjonen. Det er kjempestor verdi i å møtast og diskutere politikk fysisk.
Draumeoverskrift: «Oljenasjonen Noreg sluttar å leite etter ny olje og gass og trekker seg ut av internasjonale oljeinvesteringar».

Ulrikke Torgersen, nasjonal talsperson i Grøn Ungdom, er skuffa over at Noreg nok ein gong har fått ei regjering som ikkje ser ut til å levere på natur og klima.

Å drive valkamp for MDG er det som har gledd henne mest i 2021.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Dei gongane eg bada i Oslofjorden i sommar.

Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– At dei som slit med psykisk uhelse og einsemd som følge av pandemien, får den hjelpa dei treng.


Tobias Stokkeland – talsperson i Grøn Ungdom

Tobias Stokkeland. Foto: Privat

Årets helt: Helsevesenet
Serien eg såg mest: The Office
Årets beste film: House of Gucci
Beste boka eg las i år: Eg les altfor lite, men Ett steg foran – Veien til varig løpeglede er veldig fin og nyttig.
Lydsporet til mitt 2021: Av ein eller annan grunn treffer Adrian Sellevold noko i meg. Dei klart mest spelte songane mine i år, var Se hvordan vi lever og Jeg hater deg, og eg var ifølge Spotify blant hans topp 0,05 % lyttarar.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Gjenåpninga

Tobias Stokkeland, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, gler seg over alle venene han har halde på. Dei har gitt han mykje energi og glede.

Han er skuffa over at MDG kom 0,06 prosent under sperregrensa i stortingsvalet. Nederlaget har sete i ei stund.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Eg bestemte meg litt spontant for å gå ein 100 kilometer lang skitur i påska, sjølv om eg eigentleg ikkje har forma til det. Kjensla av å nå toppen av løypa i det verste påskeføret ein kan tenke seg, med 3 kilometer nesten berre nedover igjen, kjem til å bli hugsa lenge.

Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– At vi kan få pandemien i alle fall nokolunde overstått. Vi må faktisk komme oss gjennom dette, sånn at vi kan bruke tida vår på å løyse klimakrisa og ha det fint. No skjer ingen av delane.


Torleik Svelle – leiar i Senterungdommen

Torleik Svelle, leiar i Senterungdommen. Foto: Senterungdommen

Årets helt: Bondeopprørarane
Serien eg såg mest: Drive to survive.
Årets beste film: I onde dager.
Beste boka eg las i år: Aldri tie, aldri glemme.
Lydsporet til mitt 2021: Vilde Tuv – Jeg kommer hjem nå!
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Sommarleiren til Senterungdommen.
Draumeoverskrift: «Slik skal regjeringa sikre breiband for alle innan 2025.»

Senterungdom-leiar Torleik Svelle har fryda seg over engasjementet og kampviljen hjå partifellene sine, sjølv om det politiske året har vore annleis og mykje har vore digitalt. Han gler seg over at ungdomspartiet har fått viktige politiske gjennomslag innan breibandsbygging, psykisk helse for ungdom, ny landbrukspolitikk og ny klimapolitikk.

– Og så gledde eg meg over at eg trudde at koronaen var over.

Han er mest skuffa over at planlagde arrangement med Senterungdommen måtte gjennomførast digitalt – og at koronaen enno ikkje er over.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Valvaka til Senterpartiet på valnatta, då det var tydeleg at vi gjorde det nest beste stortingsvalet i historia til partiet, og at det var eit klart fleirtal utan MDG for å kaste sentraliseringsregjeringa til Høgre og gjengen.

Torleik Svelle (t.v) og Sigbjørn Gjelsvik (t.h.) jublar under valvaka til Senterpartiet på gamle Deichmanske bibliotek ved stortingsvalget 2021. Foto: Lise Åserud / NTB


Alberte Bekkhus – leiar i Raud Ungdom

Alberte Bekkhus, leiar i Raud Ungdom. Foto: Raud Ungdom

Årets helt: Alle som jobbar innan helse og utdanning (eigentleg alle som får samfunnshjula til å gå rundt). Og AUF som har tvunge fram ein enormt viktig samtale rundt oppgjeret etter 22. juli.
Serien eg såg mest: The Office
Årets beste film: Sidan 2021 har vore nok eit kaosår, har eg lent meg på filmar eg allereie veit at eg liker. Pulp Fiction, Ringenes Herre
Beste boka eg las i år: Som Pesten av Hanne-Vibeke Holst (passe trippy bok å lese under ein faktisk pandemi) og The Handmaid’s Tale av Margaret Atwood.
Lydsporet til mitt 2021: Overraskande mykje Aretha Franklin, Plantasia av Mort Garrison og evigheiter med diverse «true crime» og horror-podkastar.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Raud Ungdom hadde planlagd ein større konferanse våren 2021, som vi måtte avlyse. Og så typ alt av sosialt liv!
Draumeoverskrift: «Samfunnet opnar PÅ EKTE, klimakrisa er løyst og kapitalismen er avskaffa!»

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus gler seg over at RU fekk gjennomføre «tidenes sommarleir» med ungdom frå heile landet på Utøya.

– Vi hadde mange gode diskusjonar, godt sosialt fellesskap og goood stemning!

Ho er mest skuffa over at den nye regjeringa fører meir eller mindre same klimapolitikk som den førre.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– SPERREGRENSAAAA

RU-leiar Alberte Bekkhus jubla saman med nestleiarane i Raudt, Marie Sneve Martinussen og Silje Josten Kjosbakken, under valvaka i Samfunnssalen ved stortingsvalget 2021. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– At pandemien roar seg. Seriøst. Skulle gjerne gitt eit større og meir visjonært svar, men for augeblinken håpar eg berre rona kan skjerpe seg og at vi slepp berg-og-dalbane-gjenopning og nedstengning. Og sjølvsagt at Viken vert oppløyst og at vi får tilbake Østfold!


Hadle Rasmus Bjuland – leiar i KrFU

Hadle Rasmus Bjuland, leiar i KRfU. Foto: KrFU

Årets helt: Lærarane!
Serien eg såg mest: Åsted Norge
Årets beste film: No Time to Die
Beste boka eg las i år: Er vel her eg må svare læreboka på studiet: «Innovasjon møter kommune».
Lydsporet til mitt 2021: Aftenblabla kan anbefalast sterkt!
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Vårkonferansen som KrFU arrangerer kvart år. Ein årleg konferanse der vi samlar KrFU-arar frå heile landet – og blir kjent og har det kjekt!
Draumeoverskrift: «Heile verdas befolkning er vaksinert»

KrFU-leiaren er veldig glad i å delta i valkamp og debattar, og trekker fram årets valkamp som høgdepunktet i 2021.

Men valet baud også på årets største skuffelse for Bjuland.

– Hehe. Her er det umogleg å ikkje nevne valresultatet, skriv han.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Valkamp med gode KrFarar og KrFUarar!

Foto: Privat

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– Pandemien er ikkje over før alle er vaksinerte. Ønsket mitt for 2022 er at alle skal få tilbod om korona-vaksinen!


Andreas Brännström – formann i FpU

FpU-leiar Andreas Brännström. Foto: Markus Endresen, FpU

Årets helt: Jacob Opheim, fordi han ofra sitt eige liv for å redde eit barn.
Serien eg såg mest: Outlander og Peaky Blinders.
Årets beste film: Trur eg berre har sett James Bond: No time to die.
Beste boka eg las i år: Det må vere boka til Siv Jensen, Siv: Med egne ord.
Lydsporet til mitt 2021: Goliat av Laleh.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? FpU sin sommarleir blei halvert grunna korona, det var utruleg synd.
Draumeoverskrift: «Koronapandemien er over – ingen restriksjonar».

Det som gleda FpU-leiaren mest i året som gjekk, var at dei gjorde ein god skulevalkamp, gjekk mest fram i skulevalet og blei det største borgarlege ungdomspartiet.

Det som skuffa han mest, er valresultatet, og at Noreg fekk ei sosialistisk regjering.

Samstundes synest eg Frp gjorde ein god valkamp og skal vere nøgde med resultatet.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

 – FpU si valvake etter at Frp gjekk mest fram.

Andreas Brännström sitt beste minne. Bilete frå intervju med Sylvi Listhaug på TV2 frå FpU sin valvake etter at FrP gjekk mest fram.

Kva er ditt største ønske for 2022?

– At vi blir heilt ferdige med koronarestriksjonar, og at pandemien blir historie. Eg håper også at samfunnsdebatten blir mindre tabloid, polarisert og kjenslebasert, og meir basert på fakta og fornuft. Fleirtalet av dagens unge tør ikkje å seie det dei eigentleg meiner, det meiner eg er eit stort problem. Eg opplever at meiningsmangfaldet blir redusert, mykje fordi samfunnsdebatten føregår på ein heilt annan stad enn der folk flest faktisk står.


Ane Breivik – leiar i Unge Venstre

Ane Breivik

Årets helt: Sverre Eika. Kvil i fred.
Serien eg såg mest: Har brukt dei siste vekene mine på Succession, så må vel bli den.
Årets beste film: Verdens verste menneske.
Beste boka eg las i år: Sekstitallet, første boka i Verden som var min-serien av Kjetil Bjørnstad.
Lydsporet til mitt 2021: Har ei Spotify-liste som heiter «sad girl nedstengning» og det seier vel litt.
Kva var det kjipaste som vart avlyst grunna korona? Landsstyremøtet som vi skulle ha før jul.
Draumeoverskrift for 2021: Korona er avlyst og vi når klimamåla våre.

Unge Venstre-leiar Ane Breivik har gledd seg over årets valkamp, som var første gong ho skulle i ilden som kandidat.

– Det blei ei spanande, artig og utfordrande oppleving. Så hjelpte det jo sjølvsagt at Venstre til slutt fekk eit godt resultat, og at eg fekk møte litt på Stortinget.

Det som skuffa Unge Venstre-leiaren mest var at rusreforma blei stemt ned på Stortinget av Ap, Sp og Frp, og at dei to førstnemnde partia no sit i regjering saman.

– Det ser ikkje lyst ut for ein meir human ruspolitikk, akkurat, konstaterer ho.

– Kva er ditt favorittminne frå i år?

– Då eg blei vald som leiar i Unge Venstre.

Ane Breivik blei valt til ny leiar av Unge Venstre. Foto: privat

– Kva er ditt største ønske for 2022?

– Fred på jord, kutt i klimagassutslepp og at einmeteren blir oppheva.


Kollasj: Framtida.no. Foto: BH: Tolgart/Canva
Askepott: David Vu/Storm Films AS, eksamen: Leif Harboe / CC BY-NC-ND-lisens, gravstein: Matt Botsford/Unsplash og Framtida.no