Den russiske filosofen Aleksandr Dugin blir rekna som Putins sjefideolog. Europa er fiendebiletet hans: dekadent, avvikande og etnosentrisk på ein gong.

Av Christian Neef, Der Spiegel. Omsett av Sjur Haga Bringeland for Dag og Tid
Av Christian Neef, Der Spiegel. Omsett av Sjur Haga Bringeland for Dag og Tid

Saka vart først publisert i Dag og Tid. I deira papirutgåve kan du lesa heile artikkelen.

Eit nytt, men lite påfallande kontorbygg vest i Moskva. Ikkje noko skilt, ingen ting som tyder på at Det eurasiske partiet held til i femte etasje. I det nøkternt innreidde kontoret tek professor Aleksandr Geljevitsj Dugin imot. Han har fått sparken frå det sosiologiske fakultetet ved det statlege Lomonosov-universitetet. Ti tusen underskrifter med krav om å fjerna han skal ha blitt levert inn til leiinga; professoren blir skulda for å røra saman vitskap og politikk. Han har altfor høglydt kravd russisk innmarsj i Aust-Ukraina.

Somme kallar han «Putins sjef-ideolog», andre heidrar han som føraren for den eurasiske rørsla, og atter andre omtalar han som ein politisk kameleon og skaparen av ein ny ideologi. Skal me tru den amerikanske historikaren Walter Laqueur, inneheld denne ideologien neofascistiske element. Sjølv hevdar Dugin at han ikkje kjenner Putin. Men han er rådgjevar for parlamentspresidenten, han har vener høgt oppe i presidentadministrasjonen, og dei seinaste månadene har han figurert stadig oftare i statleg styrt fjernsyn.

LES OGSÅ:– Tener mindre fordi dei er kvinner.

Eurasisk doktrine

Generalsonen Dugin var radikal antikommunist i 1980-åra. Seinare blei han medlem i Det nasjonalbolsjevikiske partiet, før han blei Putin-tilhengjar. Den polyglotte filosofen har framfor alt vore oppteken av teoretikarane i «den konservative revolusjonen». Han ærar Friedrich Nietzsche og tyske tenkjarar som Karl Haushofer, som i 1920-åra overførde omgrepet om biologisk «Lebensraum» på politikken, men òg den omstridde folkeretts-juristen Carl Schmitt.

Dugin har skrive dusinvis med bøker. Hovudverket Geopolitikkens fundament er lærebok ved den russiske generalstabsoffiserskulen. Doktrinen hans om det «eurasiske» er blitt ideologisk heimstad for mange russiske politikarar og intellektuelle. I Ukraina derimot er han erklært som persona non grata.

LES OGSÅ: Sjukdommen me ikkje blir kvitt

Fascismen hever hovud

Spiegel: Aleksandr Geljevitsj, for tida åtvarar du mot eit «nasjonalistisk fascistisk diktatur» i Ukraina. Kva prov har du på at fascismens hovud lyfter seg i Kiev?

Dugin: Me har der å gjera med ei radikal form for rasisme og intoleranse, med sjåvinisme. Ikkje berre Fridomspartiet og Høgre Sektor, også såkalla moderate og liberale ukrainske politikarar talar om at den vest-ukrainske identiteten skal dominera. Frå byrjinga har ein russisk-fiendsleg rasisme prega opprøret på Maidan-plassen, etter regla: Den som ikkje er med no, han er ein moskal.

LES OGSÅ:Gamle mobilar gull verd

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE