– Målet for Putins propaganda er å overtyde russarar om at andre stadar er like ille som Russland, type «Ja, vi har korrupsjon. Ting er ikkje topp. Men vesten, inkludert Noreg, er like dårlege greier,» seier den kjende gravejournalisten Luke Harding.

Mette Karlsvik
Mette Karlsvik
Faktaboks


Aleksandr Valterovitsj Litvinenko (1962–23. november 2006) var ein russisk tidlegare tilsett i den russiske tryggingstenesta FSB og seinare systemkritikar busett i Storbritannia.
► Han er kjend for å ha blitt forgifta med ein dødeleg dose radioaktivt polonium.
► Litvinenko hoppa av til Storbritannia i 2000, der han fekk politisk asyl. Han blei britisk statsborgar i oktober 2006.
► Han markerte seg som ein skarp kritikar av presidenten i Russland, Vladimir Putin, og av FSB, som han kalla ein røvarorganisasjon.
► I boka Blowing up Russia frå 2002 skulda han tryggingstenesta for å ha sprengt fleire bustadblokker.

Luke Harding (1968) er ein prisvinnande korrespondent i avisa The Guardian.
► Han har rapportert frå Dehli, Berlin og Moskva, og dekt krigane Afghanistan, Irak og Libya.
► I 2011 ble Harding den første vestlige journalisten til å bli utvist fra Russland siden den kalde krigen.
► Harding har skrive fleire bøker om Russland, mellom anna Mafia State. På norsk har Forlaget Press gjeve ut Snowden-filene (2014) og Dødelig dose (2016).
► Bøkene hans om Snowdon og Assange har blitt filmatisert.


 

LES FAKTALUKK FAKTA

Fredag kveld, 25. november, blir dødsdagen for Alexander Litvinenko markert i London. Han var ein av dei mange russiske avhopparane, varslarane eller opposisjonelle som har blitt drepen. Litvinenkos mord var, ifølgje ein rettsrapport «sannsynlegvis bestilt frå mr. Putin personleg».

Dødsårsaka var inntak av polonium 210, og Litvinenko skal ha fått i seg det giftige stoffet frå ein kopp te på The Pine Bar i London.

– Det handlar ikkje berre om min mann sin død, fortel enka Marina Litvinenko. – Det handlar om tilhøvet mellom Russland og Storbritannia.

Ho har vore med på å løfte saka til ei offentleg gransking

LES SAKA: Ekspert trur asylstraumen er russisk provokasjon

På botn i ytringsfridom
Litvinenko-drapet er eit kjent døme på at folk som er kritiske til russiske styresmakter blir drepne.

Å stilne opposisjonelle stemmer har ei lang historie i Russland. Etter Perestrojka vart det forsøkt å innføre demokrati i landet. Men då det medførte eit fall i levekåra og økonomien til folk, valde dei seg ein ny leiar.

Journalisten Anna Politkovskaya (bildet), opposisjonspolitikaren Boris Nemtsov og Sergei L. Magnitsky, ein advokat som undersøkte muleg korrupsjon sentralt i Russland, har alle blitt drepne. Også KGB-offiseren Litvninenko mistenkte korrupsjon, og gjekk ut offentleg med sensitiv informasjon før hav vart fengsla, sidan flykta, og så drepen.

Ein annan faktor som gjer Russland til eit vanskeleg land å drive med informasjon og folkeopplysning i, er tilfanget av statleg propaganda. Russland ligg på 148. plass på Reportarar utan grenser si liste over ytringsfridom. 

LES OGSÅ: Putins digitale Russland

Bok og TV-serie
Luke Harding var korrespondent for The Guardians i Moskva frå 2007 til 2011. Boka hans «Dødelig dose» (Press forlag, 2015) omhandlar Litvinenko-saka om saka, og Harding har nettopp skrive under kontrakt om å laga TV-serie basert på boka. Slik blir forteljinga om Livinenko spreidd vidare. Journalisten og forfattaren arbeider framleis for The Guardian. 

LES OGSÅ: – Den vestlege sivilisasjonen er rasistisk og etnosentrisk

SkjermdumpRussiaToday
EU-parlamentet åtvara tidlegare i veka mot for informasjonskrigen til Russland. Den engelskspråklege nyhendetenesta Russia Today, som ofte blir kritisert for propaganda, skriv at den russiske OSCE-utsendingen kallar det «russofobi» og åtvarar mot negative konsekvensar. Skjermdump frå Russia Today.

«Ingen ting er sant. Alt er muleg»
Ifølgje Harding kommuniserer den russiske propagandaen denne beskjeden: «Ja, vi fjuskar. Men det gjer dei andre også. Ingen ting er sant. Alt er muleg».

– Staten peprar folk med ulike historier av ei hending, og ulike teoriar om kven som står bak. Alt flyt og alt er oppe til diskusjon. Kva som enn skjer er det rekkjer av mulege teoriar og mulegheiter, meiner Harding. 

Han fortel at Kreml nyttar slike strategiar for å komme unna med forbrytingar.

– Men det er dødeleg alvor. Putins propaganda fungerer.

LES OGSÅ: Forbyr Pippi og Ole Brumm frå russisk pensum


Frå grensekontrollen på Storskog. Foto: Wikipedia

Harding har høyrt om flyktningstraumen til Noreg over grensa mot Russland. 

– Putin ville sendt dykk 500 000 flyktningar om han kunne. Putin har ingen skruplar mot sine politiske motstandarar. Han veit at jo fleire flyktningar som kjem, jo større blir forvirringa der dei kjem, seier han.

I Noreg er ikkje alle like glade i desse forklaringane. Norske diplomatar avviser påstandane som spekulasjonar og åtvarar mot krigshissing.

– Kreml har ein tradisjon med å klage på andre for å gjere det som Russarane sjølv gjer. Putins pågåande propaganda er at vesten er i krig mot Russland. No er det slik at russarar flest trur at dei er i krig mot vesten. Når du trur at du er i krig er vegen kort til å faktisk vere i krig, seier Harding.


Vladimir Putin i Sevastopol i 2014, rett etter den russiske annekteringa. Foto: Wikipedia/Kremlin-ru

Harding har likevel håp for Russland.

– Det vil framleis vere korrupsjon og subservice, men eg håpar på demokrati.

Han fortel at russarane aldri har erfart eit ekte demokrati.

– Dei erfarte eit kvasidemokrati på nittitalet, og fekk dårlegare levestandard, mindre pengar. Det russiske folket er som leiarane: Dei ønskjer å ha det behageleg. Det går an å leve seg inn i det, seier Harding.

LES OGSÅ: Ein konkret, men uspesifikk trugsel

Utvist frå Russland
Harding er ikkje velkommen i Russland, men arbeider med Litvinenko-saka frå kontoret i London

– Eg er overtydd om at Putin bestilte mordet, men eg veit ikkje akkurat korleis. Eg skulle så gjerne funne ut korleis det skjedde: Var det eit nikk med hovudet? Sa han noko? Skreiv han noko?

Det er no ti år sidan mordet på Alexander Litvinenko. Tidlegare denne veka uttalte enka etter Litvinenko følgande i eit intervju med Harding:

– Stilla gir spekulasjonar om at det er ein avtale mellom Storbritannia og Russland. Viss du ikkje veit kva som skjer, tenkjer du det verste.

LES OGSÅ: Tvingar russarane til patriotisme

Mette Karlsvik er journalist og prisløna forfattar, og skriv på ei bok om Litvinenko-saka med støtte frå Fritt Ord.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE