Noreg tok farvel med Kim Friele – ein forkjempar for kjærleiken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kista til den folkekjære homoaktivisten var drapert i eit regnbogeflagg då ho vart bisett frå Oslo domkyrkje måndag formiddag. Med dronning Sonja og kronprinsesse Mette-Marit til stades til eit siste farvel.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) minte Kim Friele som ein heilt unik pioner og eit førebilete i det norske samfunnet.

– Eit varmt, modig og kraftfullt menneske som leidde an i å endre historia. Og som derfor alltid vil vere med oss i framtida, sa Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre bukkar ved båra. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / POOL / NPK

– Endra Noreg for alltid

Friele sovna stille inn om kvelden måndag 22. november, 86 år gammal. Dagen etter vart det klart at ho blir heidra med gravferd på statens kostnad for den livslange innsatsen sin for homofiles rettar.

Hyllestene frå norsk offentlegheit har stått i kø etter Frieles bortgang, mellom anna frå kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap), som sjølv er open homofil.

Kulturminister Anette Trettebergstuen og statsminister Jonas Gahr Støre kjem til Oslo domkyrkje. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Støre minte Friele for motet hennar, for korleis ho bana veg for andre homofile då ho stod fram på 1960-talet. Ho talte for dei tusen tause og synleggjorde dei usynlege, sa han.

– Og med ei kraft så sterk endra ho landet vårt for alltid. Noreg vart eit betre, friare og meir mangfaldig land å leve i, sa Støre.

Han peika på at Noreg neste år vil markere Skeivt kulturår. Det finn stad nøyaktig 50 år etter at Stortinget avskaffa paragrafen i straffelova 213 – paragrafen som handla om at seksuell omgang mellom menn var straffbart.

– Lover er endra. Det tek lengre tid med haldningar. Eit samfunn med plass til alle kjem ikkje av seg sjølv. Nokon må gå føre. Vi veit at det kosta. Men Kim Friele tok kampen, sa Støre.

Regnbogeflagg ved bårebilen under bisetjinga av Karen-Christine Friele i Oslo domkyrkje. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Tilbake til Kyrkja

Mange hadde ønskt å ta farvel med Friele, men på grunn av koronatiltak måtte Oslo domkyrkje setje avgrensingar for talet. Det var derfor plass til maksimalt 600 fordelte på tre kohortar.

Fleire har lurt på kvifor Kim Friele vart bisett i ein kyrkjeleg seremoni, sidan det var kjend at ho på eit tidleg tidspunkt melde seg ut av Kyrkja i protest, sa prest og mangeårige venn Halvor Moxnes i talen sin. Han forklarte at ho melde seg inn igjen etter at ektefellen Wenche Lowzow døydde i 2016, men at ho ikkje ønskte noko oppstuss rundt valet.

– Kim hadde eit robust forhold til Vårherre, men Kyrkja var problemet i motstanden i mange av dei kampane ho førte, sa Moxnes.

Biskop Kari Veiteberg gjennomfører jordpåkastinga under bisetjinga av Karen-Christine Friele i Oslo domkyrkje. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / POOL / NPK

To benkar

To benkar står kalla opp etter Kim Friele.

Den eine utanfor Nationaltheatret, der Kim Friele som ung sat kvar laurdag og speida etter likesinna. Den andre vart avdekt på Vågsallmenningen i Bergen i mai i år. Tre breie benkar som er samansette, og der alle er inviterte til å setje seg ned. Skeive og streite, gamle og unge, brune og kvite.

Benken er eit symbol på inkludering. Kim Frieles kamp for homofiles rettar var òg ein kamp for menneskerettar for alle, sa Moxnes.

– I kjærleik ber vi om fred for henne, men ikkje fred for minnet etter henne. Det må halde fram med å utfordre oss, sa han.

Dronning Sonja og kronprinsesse Mette-Marit på veg inn til bisetjinga. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

– Lovar å halde tåta gåande

Inge Alexander Gjestvang, leiar i Fri – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald – la òg vekt på Kim Frieles brennande engasjement heilt til det siste. Kim Frieles uredde vesen var til inspirasjon for mange, påpeika han.

– Du meinte sjølv at du kanskje var litt tett i boksen fordi du aldri var redd. Det var bra at du kanskje var litt tett i boksen, og at du aldri kvidde deg for å tale makta og uretten midt imot, eller lét deg skremme av verbale eller fysiske overfall. Den beste motgifta var alltid openheit, kunnskap og kjærleik, sa Gjestvang, som med eit lite glimt i auget gjenga Frieles særeigne talemåte for å minnast henne:

– «Lokket må vel smelle igjen over hovudet på meg før eg held tåta», sa du. Vi lovar å halde tåta gåande, Kim, og aldri vere stille når urett blir gjort. Vi skal bere historia di i oss.


Karen-Christine som 21-åring (til venstre). 10. august var Kim Friele med på å feira Storapride på Stord. Foto: privat og Svein Olav B. Langåker