Bergen får eigen regnbogeplass
Bystyret i Bergen har bestemt seg for å lage den første regnbogeplassen i Noreg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den nye «Regnbueplassen» skal liggja omtrent midt mellom Den Blå Steinen og Johanneskyrkja i Bergen, nærare bestemt på torget mellom Vaskerelven og Neumannsgate, fortel NRK.
Plassen skal vera eit minnesmerke for mangfald og frisinn, inkludering og respekt.
Friele: – Det varmar hjartet mitt

Kim Friele er glad for at heimbyen skal lage ein regnbogeplass. Arkivfoto: Ryan Kelly / NTB / NPK
– Dette er heilt overveldande. Det varmar hjartet mitt, seier Kim Friele (85) frå Bergen til kanalen. Ho er truleg den mest kjende aktivisten for homofile rettar i Noreg.
For Friele er avgjerda både historisk og kjensleladd. Då Friele vaks opp i Bergen på 30-, 40- og 50-talet, var homofili ulovleg. Først i 1972 blei homofili helt avkriminalisert her i landet.
– Det er eit teikn på at verda er gått vidare. Det er varmt og godt å bli omfamna av sine eigne, som seier at tida er inne for å slå ring om homofile, lesbiske og alle desse gruppene. Det er ein storarta måte å signalisera det på, seier ho.
I København har «Regnbuepladsen» lege ved rådhuset i byen sidan 2014. Også i Oslo har bystyret vedteke at det skal arbeidast for å finna ein slik plass, men førebels er det ikkje bestemt kvar han skal liggje.
Les innlegget frå Kristine (20): «Eg er skeiv, men eg er ikkje stolt. Dessverre»

Kristine Medhaug Grønn skammar seg over å skamme seg over at ho er skeiv. Foto: Privat / illustrasjon: Linn Isabel Eielsen