Fleire nordmenn positive til brukte julegåver

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga seier 45 prosent at dei hadde vorte nøgde eller svært nøgde om det låg noko brukt til dei under juletreet. Det er fleire enn i ei liknande undersøking som vart gjord i 2019, fortel NRK.

Mange set også pris på ei gåve som viser omtanke for klimaet. 47 prosent seier dei heilt klart ville bli meir nøgde med ei slik gåve. Samtidig seier ein tidel av mennene at det hadde vorte klart mindre nøgde med ei slik gåve, mot berre tre prosent av kvinnene.

Generelt har menn meir imot å få brukte gåver enn kvinner, noko som blir særleg tydeleg viss motivet er å vise omtanke for klimaet, viser undersøkinga.


Kollasj laga av framtida.no sett saman av produkt frå lista. Bakgrunnsfoto: Joanna Kosinska /Unsplash