«Nulltoleranse for diskriminering – med eitt unntak»

Johanne Fearnley
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Dagens feiring av den internasjonale dagen for menneske med nedsett funksjonsevne, skjer med ein bismak. For i likestillingskampen i Noreg, neglisjerer vi framleis denne gruppa.

«Verdas mest likestilte land» er ein bra misse-tittel i glansbildeporteføljen vår – men det utelet Noregs største minoritet. 

Barn med funksjonsnedsetjing vert systematisk diskriminerte i Noreg. Og utanfor landegrensene våre legg norsk bistand minimalt til rette for – og nedprioriterer kraftig – alle med funksjonsnedsetjingar.

Konvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) er framleis ikkje ein del av menneskerettslovene her heime.

Sjølvmotseiande og hyklersk

Verdas auge vert retta mot Noreg i februar. Vi vert vertskap for den største internasjonale konferansen for å sikre rettane til folk med nedsett funksjonsevne i 2022: Global Disability Summit. Ved å ta på seg denne æra, viser Noreg at vi ønsker å vere eit føregangsland for utjamning av forskjellar.

Barn med funksjonsnedsetjing vert systematisk diskriminert i Noreg.

Samstundes har vi endå ikkje sidestilt FN sine grunnleggjande menneskerettar for folk med funksjonsnedsetjing med norsk lov. Det er sjølvmotseiande og hyklersk. Med denne FN-konvensjonen inn i menneskerettslova, vil vi sende eit internasjonalt signal om at vi tek rolla vår på alvor, både i inn- og utland.

Vi kan ikkje sikre at alle får delta på lik linje i samfunnet utan CRPD inn i menneskerettslova.

Systematisk diskriminering

Korleis ville du reagert om skular kunne nekte å ta inn venstrehendte barn? Godt over halvparten av norske skular er umogelege å komme seg inn i for brukarar av manuell rullestol.

Det vil seie at barn må gå på skular utanfor nærmiljøet sitt, og fleire må gå på spesialskular utan eigentleg å trenge spesialundervisning, for at kommunebudsjettet skal gå opp.

Mangel på nok assistanse gjer at barn i enkelte kommunar må velje mellom korpsøving og å kunne gå på do på skulen.

Korleis ville du reagert om skular kunne nekte å ta inn venstrehendte barn?

Fysiske barrierar stoppar deltaking, men det er ikkje det einaste.

Fordommar og mangel på kunnskap og lokalt, fører til at barn på landsbasis vert utsette for systematisk diskriminering. Når eit barn er stengt ute, lærer barna rundt at det er greitt å halde andre utanfor.

Det er ein grunn til at berre 40 prosent av unge med funksjonsnedsetjing stort sett er fornøgde med livet sitt.

Men med CRPD som verktøy i kommune-Noreg, er vi på god veg til eit meir likestilt samfunn.

No nærmar Global Disability Summit seg med stormskritt. Som vertsland, som ei humanitær stormakt, og som eit føregangsland på likestilling, har vi eit enormt og forpliktande ansvar.

Vi treng ei menneskerettslov som gjer at alle, uavhengig av funksjonsevne, startar på lik linje.


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no.


Amir Hashani synest det er skummelt at personar med funksjonsnedsetjing møter så mykje diskriminering og hat i 2021. Foto: Bente Kjøllesdal