«Blir eg bra nok no?»

Karoline Skarstein
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Blir eg bra nok no?

Den vesle, kvite pilla eg rullar mellom to fingrar på morgonen skal «feminisere» meg. Ho skal hjelpe meg til å passe betre inn i boksen. Gjere meg meir toleleg for omgjevnadane.

Min eigen veg ut av skapet har handla mykje om å akseptere for meg sjølv, at identiteten min og mi eiga oppleving av mitt eige kjønn er like verkeleg.

Sjølv om eg kan sjå meg i spegelen og kjenne at eg ikkje ser ut som det alle andre meiner ei jente skal sjå ut som.

Så for at eg skulle klare å kome ut, måtte eg på ein måte ta eit oppgjer med min eigen dysfori og faktisk akseptere meg sjølv.

Men det var tydelegvis ikkje nok. 

Sjølv om eg kan sjå meg i spegelen og kjenne at eg ikkje ser ut som det alle andre meiner ei jente skal sjå ut som

 

Som tenåring tenkte eg ikkje på hormon. Som tenåring sat eg ikkje på internett og googla etter «How to get estrogen».

Eg hadde nok heller ikkje kunnskap om at det faktisk kunne hjelpt meg. For det behovet kom eigentleg først då eg byrja å kome ut av skapet.

Det behovet kom først då eg skjøna at her ligg det ei forventing frå cis-folk. Det held ikkje at eg berre er meg, eg må også forandre meg. Og den dysforien eg har kjent sidan puberteten, som eg på eit vis har klart å bearbeide på eiga hand, vart mangedobla.

Plutseleg var ikkje mi eiga utilfredsheit berre mi, men det vart til eit slags kollektivt endringsprosjekt.

Ei klar forventing om å bli noko anna enn meg sjølv.

Spørsmåla kom med ein gong. Det var fint og flott at eg hadde kome ut og alt det der, men når skulle eg operere meg? Når skulle eg «Byrje på det fysiske kjønnsskiftet?».

Eller som ein nær ven sa då eg nyleg byrja på hormonbehandling: «Endeleg skal du få bli jente», men kva har eg då vore for henne dei siste… 10 åra? Ein hybrid? Eit slags kjønns-kinderegg?

At eg ikkje tenkte på hormon før eg kom ut, er ikkje det same som at livet mitt ikkje kunne blitt lettare om eg likevel fekk kjønnsbekreftande hjelp allereie i tenåra.

Undersøkingar viser at transpersonar som får nettopp den type støtte rapporterer om betre psykisk helse og mindre problem med dysfori.

Men heilt enkelt handlar det jo om å «cissifisere» deg. Det handlar om å forsøke å presse meir av seg sjølv inn i ein normmessig boks. Det er heilt ok å ville det, det gjeld ikkje berre transpersonar heller.

Heilt enkelt handlar det jo om å «cissifisere» deg

 

Eg trur alle menneske på eit vis ønskjer å føle seg inkludert, akseptert og som ein del av flokken. Men kan det hende flokken også bør ta ein runde med seg sjølv?

Det er berre å opne ei avis og sjå retorikken. Transpersonar er aldri gode nok. Det blir til  dømes stadig snakka om «Hårete transkvinner», og du skal vere ganske hardhuda for då ikkje å etter kvart kjenne at du burde brukt ein formue på smertefull laserbehandling.

I tillegg blir det fortalt ei historie om at transpersonar påverkar andre transpersonar negativt. Foreningar som FRI og PKI blir gjerne skulda for å «smitte» folk med dysfori.

Men ironisk nok, er FRI og PKI dei einaste som nokon gong har fortalt meg at eg også er ok akkurat slik eg er.

Mellom pillene tek eg blodprøvar, ganske regelmessig. For det er på ingen måte heilt risikofritt. Slik er det for så vidt med all medisinsk behandling, herregud, det å leve er å ta risiko.

Behandlinga aukar risikoen for både kreft, blodpropp, hjerneslag.

Og det kjem på toppen av alle mindre alvorlege biverknadar som muskelkramper, kvalme, utmatting, ereksjonssvikt og gudane veit. Den lista er lang.

Så utset eg meg for alt det her i håp om at verda skal behandle meg litt betre, og at eg difor også skal føle meg litt meir tilpass?

Då eg fortalde omgjevnadane mine at eg endeleg hadde byrja på behandling, fekk eg gratulasjonar. Endeleg, no var det min tur, skreiv nokon.

Og eg har kjent enorm glede over å få vere i gong. Det er absolutt verkeleg lukke. Men eg klarar ikkje fri meg frå tanken om at eg også gir etter.

Eg blir gratulert fordi eg no aktivt gjer grep for å ikkje bli opplevd som ei slags transkjønna atombombe i cis-verda.

Eg klarar ikkje fri meg frå tanken om at eg også gir etter

 

Og det her er ein skummel samtale å ta. Fordi om eg argumenterer for at min dysfori er skapt av forventningar fra omverda, så vil mange ta det som eit argument for at det er samfunnet som må endrast og at helsehjelpa mi er overflødig.

Men dysforien min er likevel 100 prosent reell. Det var han også lenge før eg kom ut.

Og verda er full av desse “tilstandane” som blir påverka av andre menneske sine blikk. Vi sluttar ikkje å behandle dei i helsevesenet av den grunn.

Dette handlar ikkje om å marginalisere eller delegitimere transpersonar som ber om helsehjelp. Tvert i mot.

Det er kjempeviktig at transpersonar får riktig hjelp, til riktig tid. Det kan forhindre så mykje liding.

Men det betyr ikkje at vi ikkje også bør snakke om kva samfunn unge transpersonar veks opp i.

Og korleis folk sine haldningar til transpersonar også kan verke destruktivt inn på transmenneske sine liv. 


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no.

Les også: Sultan (18) er influencar: – Eg skal vera aktivist til eg døyr

Sultan Hadaddeen er endeleg 18. Ho har alltid hatt eit håp om at når ho vert vaksen, vert alt betre. I dag er ho ei av dei kvinnene ho beundra då ho var lita som snakka høgt om å vera trans. Foto: Aida Mahmody / Amnesty