Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ahh, julegåver! For dei fleste blir det ikkje ordentleg jul utan julegåvene. Samstundes lever me i ei tid der fleire blir medvitne på klimaavtrykket kjøp-og-kast-samfunnet gir, særleg i eit land som Noreg, der mange har det dei treng og vel så det.

Så, kva kan du gi av klimavenlege julegåver?

Her kjem våre hugsereglar, tips og konkrete gåveidéar!

Først: fire hugsereglar

  1. Første tips er å anten gi ei oppleving eller noko brukt. Det er det aller beste med tanke på klimaavtrykk, og også eit godt tips for dei som har alt.

2. Skal du likevel kjøpe noko nytt er det lurt å tenke på om det er noko vedkomande faktisk ynskjer seg og vil bruke, om det kan reparerast og vare lenge og om det er produsert lokalt. Alt dette hjelper for å få ned klimaavtrykket. Be om ynskjeliste – til dømes i Google docs eller på sider som Addwish og Minegavelister.no? Eller sjekk om personen har ei ynskjeliste på Pinterest!

3. Heimelaga gåver har ofte mindre klimaavtrykk enn nye gåver, og er nok ekstra kjekt å både gi og få. Sjekk ut Pinterest, YouTube og Instagram for uendeleg med DIY-tips.

4. Og du? Hugs at innpakkinga også tel!

Glansa papir må sorterast som restavfall og kan ikkje attvinnast. Greenpeace reknar at berre 1 kg med gåvepapir gir 3,5 kg karbonutslepp. Nordmenn brukar 60 000 km med gåveinnpakking kvart år, det er halvannan gong rundt ekvator.

Bruk difor gråpapir, brukte tekstilar og totebags til å anten knyte gåvene inn i eller sy ein gåvepose som kan brukast igjen og igjen, eller kanskje ei gamal skoøskje som kan brukast som gåveinnpakking og oppbevaring seinare? Sjekk ut furoshiki, ein tradisjonell, japansk måte å bruke tøy til å pakke inn gåver.

Bonustips: Bli einig med familien eller venegjengen om at kvar person berre får éi gåve. Eit ypparleg høve til å prøve seg på Secret Santa? Eventuelt kan ein gå saman og spleise på ei dyrare og meir ordentleg gåve som mottakaren verkeleg ynskjer seg.

Scroll vidare for tips til dei fleste, til den eventyrlystne, til den stressa, til den som vil sjå fin ut, til den matglade og til den kulturelle.

Til dei fleste

Opplevingar

Her er det mykje å ta av. Hemimesnekra eller kjøpte gåvekort på opplevingar eller kurs. Passar for alle, og alle prisklassar!

Sjå fleire tips under «Til den eventyrlystne»

Lag kalender

Kjenner du nokon som er glad i å gå på ulike arrangement innanfor eit spesielt felt?

Kjøp ein fysisk kalender, eller lag ein Google-kalender og fyll inn viktige datoar for det komande året!

Brukte gåver

Sjekk ut Tise eller Finn og der du finn gode, heilt fint brukte ting. Kanskje eit nytt sett med høyretelefonar, mobildeksel, ei god jakke, ei veske, ein sekk, turutstyr, utstyr til hobby, stoff til den som syr, kamerautstyr, ullklede eller ei klokke?

Om du står heilt fast kan du reddast av eit gåvekort på ein bruktbutikk, Finn, Tise, UFF, NMS Gjenbruk, ME Second Hand, RETO, eller andre bruktbutikkar.

Abonnement-gåvekort

Dei fleste har eit eller anna abonnement det hadde vore kjekt å sleppe å betale for, eller kjekt å få. Ein månad med Netflix, Spotify, Storytel, Viaplay, Bysykkel, Voi, trening, matkasse, medlemskap på museum, abonnement på nettavis, kaffiabonnement (Espresso House til dømes), kollektivtrafikk – for å nemne nokre døme.

Kjøpe klimakvoter

Visste du at det går an å kjøpe klimakvoter? Eller andre klimapositive-gåver som til dømes at nokon plantar 100 tre?

Støtte organisasjonar

Det finst ein drøss med klima- og miljøvernorganisasjonar ein kan støtte, i tillegg til ein drøss med andre veldedige organisasjonar.

Eller kanskje kan du gi medlemskap i ein miljøorganisasjon eller DNT til dømes? Ei perfekt gåve til den som har alt.

Analoge ting

Visste du at sjølv det å google har karbonavtrykk?

Kanskje kan du prøve å finne lågteknologi-gåver som krev lite straum og lite internett? Eit keyboard eller eit anna instrument, puslespel, abonnement på trening, brukte bøker eller anna.

Alternativ til forbruksvarer

Klutar i stadenfor tørkepapir, metallsugerør, bivokspapir, sminkepads i bomull, kaffifilter i bomull, tannkost, såpe, sjampo, vaskemiddel, tannkrem, tøymunnbind, tøy-tørkepapir og – haldar.

Sjekk ut LesstrashBeeorganic, EarthlyLevlogisk, TiseBasics.

Om du framleis treng tips, her kjem det enno fleire:


Til den eventyrlystne

Opplevingar

Kanskje den beste gåva å gi? Her finst det eit vell av moglegheiter og prisklassar. Er de fleire kan de gå saman og spleise, kva med ei natt i tretopphytte som gåve til foreldre? Ein dag på EscapeRoom med venegjengen?

Det finst også guida tur i byen, til fots eller på sykkel! Eller kva med ein tur på ein Alpakka-farm? Eller tur med hundekjøring! Moglegheitene er mange.

Eller du kan laga di eiga opplevingsgåve. Planlegg ein kjekk tur, og still med snacks og turløype, anten i by eller skog? Eller ein tur på kino med nevøen, eller middag til studieveninna?

Sjekk ut: YouWish, TrueStoryJulegavetips.net.

Kurs

Dette går litt under opplevingar, men med ein læregevinst på toppen! Fint å gi til par, eller å kjøpe til seg sjølv og ein ven til dømes?

De kan ta våtlappen på kajakk saman, eller kanskje prøve dykk på eit matlagingskurs – bonus for vegetarisk/vegansk!

Eller eit kurs i foto, keramikk, språk, sopp-plukking, hundetrening, strikking/sying, handverk og meir.

Powerbank

Er ein mykje ute og fartar, treng ein ekstra mobillading! Det beste alternativet er å kjøpe brukt, eller kanskje investere i ein med solcellepanel?

Sykkelreparasjon

Anten du sjølv er nevenyttig, eller du vil gi eit gåvekort på ein butikk som driv med sykkelreparasjon, er nok dette ei kjærkomen gåve til hen som brukar sykkelen mykje.

Turutstyr

På Finn.no kan du finne mykje, fint brukt turutstyr – til ein ganske rimeleg penge. Her er det berre fantasien som set grenser. Kanskje treng kameraten din ein ny tursekk? Lommekniv, sovepose, lakenpose, kjeledress, jakke, ullklede, lommelykt, stormkjøken, eller anna.

Les også: Dette bør du sjekke dersom du kjøper friluftsutstyr brukt

Strandrydding

Planlegg å gå saman på strandrydding eller kjøp strandrydding av Hold Norge rent.

Til den stressa

Gåvekort på reingjeringshjelp.

Anten frå eit firma, eller at du tilbyr deg å stille opp sjølv!

Gåvkort på middag

Støtt ein lokal restaurant gjennom koronakrisa og kjøp gåvekort, eller lag gåvekort på ein eller fleire heimelaga middagar sjølv.

Barnepass

Har mottakaren barn? Her er det mykje å hente! Gåvekort på barnepass, å hente i barnehagen, men også alle dei andre punkta under «Til den stressa».

Massasje

Å ta seg råd og tid til å berre slappe av, er det ikkje alle som gjer heilt av seg sjølv. Kva med eit gåvekort på massasje, manikyr, fotpleie, frisør eller ein spa-dag?

Kjendis-videohelsing

Visste du at du kan betale for å få ei personleg helsing frå kjende personar? I Noreg er det memmo.no som er den største leverandøren, men også hos WWF kan du bestille ei helsing frå kjende skodespelarar, der mottakaren sjølv får bestemme kva pengane skal gå til.

Om det trengst internasjonalt krutt til for å få mottakaren til å gløyme julestresset, kan du mellom anna sjekke ut: cameo.com, mn2s.com, gonuts.com, clebvm.com.


Til den som vil sjå fin ut

Brukte klede og tilbehør

Mote er jo ei klimabombe når det kjem til utslepp. Fast fashion er nok eit dårleg gåvetips til den klimabevisste. Men: brukt er veldig mykje betre!

Klede, vesker, klokker og meir.

Det finst ei rekke bruktbrutikkar og nettbutikkar, mellom anna: Fretex, UFF, Det gule hus, Finn, Tise, NMS Gjenbruk, M&E Second hand, Dianas salonger, Lividjeans, Velouria VintageEmm K., Prisløs og fleire.

Sminkepads i tøy

Er ein glad i sminke er det fleire forbruksvarer ein kan byte ut. Sminkepads i tøy, som kan brukast igjen og igjen er ein sånn ting. Anten du vel å sy det sjølv av gjenbrukstekstil, eller kjøpe nytt.

Sjampo- og såpebar

Det er rekna at ein million plasflasker blir kjøpt kvart minutt verda over, og sjampo- og balsam-flasker gjer det ikkje betre.

For å unngå plastavfall, finst det no mange gode alternativ på både sjampo og såpebarar som minimerer plastbruken, og som ofte har meir naturlege ingrediensar.

Heimelaga skrubb

Heimelaga skrubb, badebombe, sjampo, deodorant. Det er mykje ein kan få til! Perfekt for deg på budsjett.

Reparering

Hovudgrunnen til at mote er ein klimaversting er tempoet me kjøper og kastar ny klede og tilbehør i. Ein viktig måte å gjera det mindre klimafiendtleg er å sørge for å ta vare på og reparere det ein har.

Kva med å gi gåvekort hos ein skomakar? Eller kjøpe inn eit sett med verktøy ein treng for å ta vara på skoa: nye skolisser, eit pusse-sett, impregnering, skokrem og -kost.

Om du syr kan du tilby gåvekort på reparering, eller kanskje eit lite repareringskurs for fleire vener?

Det går også an å kjøpe eit repareringssett hos My Visible Mend, til dømes.

Tilbehør i gjenbrukstekstil

Igjen, om du syr: lag ting av gjenbrukstekstil! Anten du brukar stoff du allereie har, eller tek ein runde på Finn og søker opp stoff (folk sel stoffrestane sine), eller sengetøy!

Vesker, bagar, sekkar, klede. Her er det berre fantasien som set grenser.


Til den matglade

Kokebøker

Eit openbert tips kanskje, men det må seiast. Gjerne med vegetariske eller veganske oppskrifter. Om du tenker det er for klimafientleg med produksjon og trykk av bøker, kan ein også finne PDF-bøker eller -hefter på nett og kjøpe. Eller kanskje du kan sette saman dine eigne oppskrifter i eit hefte, anten digitalt eller fysisk?

Frø

Anten mottakaren har hage og stor plass, eller berre ein liten kjøkkenkarm, så har dei plass til litt krydder eller anna å dyrke.

Bievennlege blomar og etelege planter til hagen, eller krydder på kjøkenet for å redusere plastavfall.

Det finst også små drivhus som passar perfekt til kjøkenkarmen.

Termoskopp

Som alternativ til eingongskoppar på kaffibarar, og perfekt til alle gongene du gløymer kaffikoppen og kaffien blir kald.

Gåvekort på matlagingskurs

Kanskje har venen ynskje om å lære meir om vegansk eller vegetarisk matlaging?

Alternativ til kjøt-pakke

Kanskje er mottakaren nett byrja på vegetar og treng litt hjelp. Set saman ei gåvepakke med gode alternativ til kjøt som du kan anbefale. Kanskje kan du slenge med ei oppskrift eller to også?

Heimelaga mat

Her er det berre å slå seg laus. Ei fin gåve til dei som har alt, eller om du er på budsjett. Kanskje finn du fine glaskrukker eller kakeboksar på brukthandelen du kan bruke som oppbevaring?

Alternativ til forbruksvarer:

Nokre ting er me vande med å berre bruke i eingongsversjonar, men det finst fleire og fleire alternativ som er laga for å kunne brukast igjen.

Metallsugerør, bivokspapir, silikonposar, kaffifilter, serviettar og i tøy og meir.

Lokalprodusert

Det finst så mykje godt og lokalt! Cider frå Hardanger, sjokolade, kaffi, chilisausar, øl. Sjekk ut nettbutikk-lista vår med fleire matprodusentar.

Tesil i metall

Visste du at det er mikroplast i teposar? Eit godt alternativ er tesil i metall, som kan brukast om att. I tillegg kan du slenge med favoritt-teen og kanskje ein fin kopp frå brukthandelen?

Knivslipar

For å ta vare på knivane ein har, og gjere det kjekkare å kokkelere.

Matlokk i silikon

I staden for plastposar eller plastfolie, kan ein kjøpe silikonlok/matlok som du drar over frukt (eller fat), for å gjere det tett. Desse kan brukast om att.

Elles kan ein kanskje investere i ein bolle som gir den ulike frukten sin optimale lagrinsstad, slik som Just Ripe Fruit Bowl (men han er ganske dyr). Kanskje kan du laga det sjølv?


Til den kulturelle

Bøker

Bøker kan gjerne kjøpast brukt. Du kan sjekke ut Bookis, Fretex, Finn.no, Tise, loppemarknad eller andre bruktbutikkar. Eller kva med å ta ein av favorittane frå di eiga bokhylle?

Museum

Planlegg ein museumsdag! Er du student er det ofte billig/gratis. Du kan også gi gåvekort eller medlemskap på ulike museum.

Konsert

Finn ein konsert du vil bli med på, eller som mottakaren vil på! Eller så kan du safe med gåvekort på Ticketmaster til dømes. Det kjem alltid godt med! Nokre konsertplassar eller orkester har også venelag/medlemskap.

Teater

Støtt eit lokalt teater med å kjøpe gåvekort eller billettar til ei førestilling. Fleire teater har også veneklubbar/medlemskap.

Kino

Planlegg ein deilig kinokveld! Kanskje med middag først, eller puben etterpå? Her funkar både gåvekort og billettar.

Heimekino

Om det skrantar litt i lommeboka, er det også mogleg å invitere til heimekino. Gjerne med ein heimelaga middag først?

Spotify

Gi eit abonnement på Spotify på ein eller fleire månadar. Eller kva med å kurere ei eiga Spotify-liste? Du kan til og med laste opp eit eige cover!

Lord-tittel

Det var umogleg å ikkje ta med denne. Ein kvar kulturell vil vel kunne kalle seg Lord, Laird eller Lady? På Established titles får du både ein Lord-tittel og dei plantar tre for kvart kjøp!

Kjendis-videohelsing

Hos WWF kan du bestille ei eiga julehelsing frå ulike skodespelarar, og mottakaren får bestemme kva betalinga skal gå til. I tillegg kan ein finne andre kjendisar og kjøpe personlege helsingar på memmo.no som er den største leverandøren i Noreg.

Om du vil ha internasjonale kjendisar, kan du mellom anna sjekke ut: cameo.com, mn2s.com, gonuts.com, clebvm.com.

Les også: 80 norske netbutikkar der du kan ta julegåvehandelen i år

Kollasj laga av framtida.no sett saman av produkt frå lista. Bakgrunnsfoto: Joanna Kosinska /Unsplash