Forsking: Gaming gjer ikkje ungdommar aggressive

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten er basert på ein test utført av 3.034 ungdommar i Singapore. Gjennomsnittsalderen blant dei som deltok var 11,2 år ved oppstarten til testen. Rundt 72 prosent var gutar, ifølgje NRK.

Forskinga studerte samanhengen mellom hyppig dataspeling med valdeleg innhald og aggressive utfall to år seinare.

Treng eit balasert perspektiv

Beate Wold Hygen forskar på born og gaming. Foto: NTNU Samfunnsforskning

Det er mange studiar som ser på nettopp denne problemstillinga og forskingsfeltet er delt, ifølgje seniorforskar Beate W. Hygen ved NTNU Samfunnsforskning.

Men dersom aggresjon blir påverka av valdelege spel, ser det ut som om denne effekten uansett er liten, seier ho.

Hygen meiner at forskinga tradisjonelt har vore opptatt av negative konsekvensar ved dataspel og at det er behov for eit meir balansert perspektiv.

– Spela har endra seg drastisk ved å vere meir komplekse, varierte, realistiske og meir sosiale. Ein må sjå på både moglege positive og negative konsekvensar, seier ho.

 Negativ utvikling for jenter

Sjølv står Hygen bak ein ny studie der ho har sett på samanhengen mellom tid brukt på dataspeling og utviklinga av sosial kompetanse hos barn.

Ifølgje denne studien påverka ikkje bruken av dataspel blant gutar den sosiale kompetansen deira. For jenter var det derimot forskjell.

– Det viste seg at jenter som speler meir som 10-åringar, utviklar dårlegare sosial kompetanse som 12-åringar, seier Hygen.

Akademiet Vidaregåande Skule i Ålesund

Klasserommet til e-sport-klassen til Akademiet Vidaregåande Skule i Ålesund ser meir ut som eit LAN enn eit vanleg klasserom. Foto: Peder Skjelten