«Me kan ikkje sitja å sjå på at alle flyttar til byane»

Sina Marie Blæsterdalen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Me kan ikkje sitja å sjå på at alle flyttar til byane og busett seg der. Me må skapa liv i bygdene og dei mindre tettstadane. Me må finna løysningar slik at ikkje heile Noregs befolkning ender opp i dei fem største byane.

Eg vil ikkje at Noreg skal bli slik det var for hundre år sidan, men eg vil at det skal fortsetja å vera slik eg har vokse opp med. Berre mellom 2019 og 2020 auka befolkninga i tettstadar i Noreg med 1,1 prosemt, mens den gjekk med 0,9 prosent i dei meir spreiddbygde stroka, ifølgje SSB.

Eg meiner ikkje at me ikkje skal bu i tettstader, men eg meiner at ikkje alle kan busetta seg i dei største tettstadane som Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. Me må bygga stadar å bu utanfor dei store byane. Og ikkje minst må me ta vare på dei små tettstadane og bygdene me har.

Nye arbeidsplassar

Me må skapa nye arbeidsplassar utanfor dei store byane. Me må få dei store bedriftene til å sjå utanfor Oslo sentrum. Det er arbeidsplassar som drar folk ut av byane. Eg skjønar kvifor folk vil bu i Oslo – fordi dei har alt dei treng rett utanfor leilegheitsveggen.

Samtidig er eg heilt sikker på at det er mange folk i dei store byane som hadde levd eit betre liv utanfor byen, men dei trur ikkje det sjølv. Derfor må me skapa arbeidsplassar rundt i Noreg som gjer at folk vil flytta dit og ikkje minst at dei som er der fortsetja å bu der. Ein må starta ein trend og dra med seg fleire.

Me må halda ting smått og ikkje sentralisera alt

Ikkje legg ned skular!

Samtidig må me halda på dei samfunna me har rundt i landet. Me kan ikkje legga ned skular her og der heile tida. Me kan ikkje slå saman alt som er. Slik som at sommarstaden Fredrikstad, deler av Oslo, vinterstaden Hemsedal og bygda Gol skal styrast av same fylkeskommune. Me må halda ting smått og ikkje sentralisera alt.

Mitt håp for framtida er at Noreg skal fortsetja å vera eit land der folk bur på dei merkelegaste plassane. I Noreg bur det folk åleine på øyar, dei må bruka opptil fire ulike transportmiddel for å koma seg på skulen. Som nokre barn ifrå programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» som må bruka luftputebåt, snøscooter, ATV og buss på veg til skulen.

Heile landet i bruk

Eg vil at me i Noreg skal sjå verdiane av å bruke heile landet vårt. Me bur i eit land med mykje forskjellig landskap. Me må bruka kystens verdiar med vind og fiske. Me må bruka dyra i fjellheimar. Me må utnytta dei ulike bakkegrunnane til å dyrka ulike ting og driva skog der det eignar seg best i utgangspunktet.

Me må utnytta alt det som i utgangspunktet er bra i landet vårt der det er. Det hjelper å prøva å bygga eit bra jordbrukslandskap nærare Bergen i staden for å utnytta det som ligg litt meir på bygda. Me må utnytta det landet vårt er, ikkje skapa drøymelandet midt i Oslo sentrum.

Koronaen har endra flyttestraumane

Etter mi meining har koronaen vore ganske positivt. Det er rekodmange som har flytta ut av Oslo i slutten av 2020 og starten av 2021. Folk begynte truleg med heimekontor og innsåg at dei eigentleg bere budde i byen for jobbens skuld. Mange flytta også fordi dei såg at dei mindre tettstadane kunne helde ope, og ikkje var heilt stengt ned. 8858 Oslo-borgarar forlèt Oslo i løpet av dei tre første månadane i 2021. Truleg 8858 fleire rundt om i Noreg.

Noreg som eit samfunn må sjølv skapa arbeidsplassar i heile landet. Me må sjå verdiane av heile landet, og utnytta ressursane. Me som eit land må samarbeida for å nå mitt håp for Noreg i framtida. Me må saman, heile Noreg, kjempa for å halda alle skular og kommunar gåande og ikkje slå dei saman. Saman klarar vi å ikkje sentralisera heile Noreg, å halda heile landet oppe og busett.

Dette vart eitt av bidraga til skrivekonkurransen til Framtida.no om håp for framtida.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips (a) framtida.no eller på DM på Instagram