Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets julereklame frå Posten har gått verda rundt etter at folk reagerer på den inkluderande skeive kjærleikshistoria med julenissen.

19. november publiserte Posten «When Harry met Santa» og tok Twitter, Reddit og andre sosiale medium med storm. Tittelen på filmen speler på klassikaren When Harry met Sally.

Nokre dagar seinare la dei han ut med engelsk tekst, og videoen er allereie sett over 450.000 gonger.

Førebudde på å reaksjonar

I videoen møter Harry julenissen ved eit uhell når han skal levere julegåvene og det er kjærleik ved første blikk. Så ser me dei ha fine augneblinkar saman julaftan etter julaftan, men frå kvarandre resten av året. Harry sender brev til julenissen «All I want for Christmas is you».

Filmen avsluttar med eit kyss og teksten: I 2022 er det 50 år sidan det vart lovleg å elske kven ein vil i Noreg.

– Dette er eit tema som gjeld mange og som er spesielt relevant til neste år, som også er Skeivt Kulturår. Det vil sikkert kome nokre negative reaksjonar frå enkelte miljø, men det er vi førebudde på å handtere, seier Monica Solberg, marknadsdirektør for Posten og Bring, til Kampanje.

Julereklamane til Posten har blitt ein snakkis fleire gonger. I 2019 tulla dei med juleevangeliet og hinta om jomfru Maria faktisk var jomfru.

I fjor tulla dei med Donald Trump, som då var president i USA.

Skjermdumpar frå ulike internasjonale medium. Kollasj: framtida.no