Brageprisen til Erlend Skjetne og Jon Fosse
Forfattar Erlend Skjetne får Brageprisen for den første ungdomsboka si, «Eit anna blikk».


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Brageprisvinneren fortel historia med unge Anwars ord. Han og dei andre afghanske gutane på asylmottaket nord i Noreg gruer seg til å fylle 18 år. Dei er spente på om dei får opphaldsløyve i Noreg og på kva som ventar.
– Erlend Skjetne bruker eit leikande nynorsk for å få fram forskjellane mellom norske standarduttrykk og norsk for eit observerande, framandspråkleg øre. Han gir lesaren innblikk i ein situasjon som vi ikkje høyrer så mykje om, og som er vanskeleg å forstå. På den måten klarer Skjetne å gi ei stemme til dei som vil bli norske, men ikkje kan. Nokon får aldri sjansen til å prøve, skriv juryen i grunngivinga si.
LES MELDING AV BOKA HER: Knallbra og røff bok som dessverre har blitt altfor aktuell
Får pris for Septologien
Tidlegare heidersprismottakar Jon Fosse får Brageprisen for «Eit nytt namn. Septologien VI-VII».
Forfattaren og dramatikaren frå Strandebarm, Jon Fosse, har budd i statens æresbolig for fortente kunstnarar, Grotten, sidan 2011. Han har i fleire år vore blant dei heitaste kandidatane til nobelprisen i litteratur og fekk Brages heiderspris i 2005. Då han torsdag kveld fekk prisen for skjønnlitteratur, var det likevel første gong han fekk Brageprisen for eitt bestemt verk.

Jon Fosse med «Eit nytt namn. Septologien VI-VII» vart vinnar i kategorien Skjønnliteratur under utdelinga av Brageprisen 2021 på Dansens Hus i Oslo. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
«Eit nytt namn»blir beskrive som «en mektig avslutning av et ruvende skjønnlitterært verk».
– Boka fungerer som enkeltståande roman, men kan likevel ikkje vurderast lausrive. Forteljinga om Asle, Jon Fosses storverk, er med dette fullenda, heiter det i grunngivinga til juryen.
Fosse var òg nominert til Brageprisen i 1992 (prosa), 1994 (barne- og ungdomslitteratur), 1995 (prosa), 1996 (skjønnlitteratur) og 2007 (skjønnlitteratur). (©NPK)