Hadia Tajik kåra til Noregs mektigaste kvinne – første med innvandrarbakgrunn
Ap-nestleiar og statsråd Hadia Tajik toppar Kapital si liste over Noregs mektigaste kvinner. Ho er den første med innvandrarbakgrunn som toppar lista.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heilt frå 2013 og fram til i fjor har statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg stått heilt øvst. Regjeringsskiftet gjer at det kjem åtte nye inn blant dei ti øvste på lista. Solberg er å finne på ein sjuandeplass i år.
– Medan kvinner har fått litt mindre makt heilt i toppen av norsk politikk, utøver dei desto meir makt på ministernivå og i Stortinget, seier Kapital-redaktør Vibeke Holth i ei pressemelding.
– Politisk teft som få
Med topplasseringa bryt Tajik ein historisk barriere, ifølgje Holth.
– Tidlegare har ho vore den yngste statsråden i Noreg og den første muslimske statsråden. No er ho den første kvinna med innvandrarbakgrunn som går til topps på Kapital si liste over Noregs mektigaste kvinner. Etter det vi kjenner til, har det aldri vore ei mektigare kvinne med innvandrarbakgrunn i Noreg nokosinne, seier redaktøren.
«Men Tajik er først og fremst en jurist, og tidlegere journalist, med politisk teft som få. Og en rå maktutøver. Som arbeidsminister har hun ansvaret for Nav med et budsjett tilsvarende ei tredel av statsbudsjettet. Ministerposten, med en unik mulighet til å tekkes mektige LO, regnes som det perfekte springbrettet for en framtidig statsministerkarriere», skriv Kapital.
Etter Tajik følgjer Marit Arnstad, Senterpartiets parlamentariske leiar, og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik. På fjerdeplass finn vi utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
- Les også: Ni av ti har kjønnsfordommar mot kvinner
FHI-direktøren høgt på lista
FHI-direktør Camilla Stoltenberg er på femteplass.
«Stoltenberg og FHIs kunnskaper, råd og anbefalinger har vært avgjørende for myndighetenes smitteverntiltak. Hun har derfor hatt enorm innflytelse på nordmenns hverdag det siste halvannat året», skriv Kapital.
På papiret er stortingspresidenten den høgast rangerte personen i landet etter medlemmer av kongefamilien. Noverande stortingspresident Eva Kristin Hansen (Ap) er å finne på ein 14.-plass på Kapital si liste.
– Årsaka til at Hansen ikkje hamnar lenger opp er at vi ser på reell, og ikkje formell, makt når vi kårar Noregs mektigaste kvinner. I realiteten meiner vi det er mange kvinner som i det daglege utøver meir makt enn Hansen, både i regjering og på Stortinget, seier Kapital-redaktør Holth.