Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me samlar personlege historiar frå menneske over heile verda der dei fortel om korleis dei opplever klimaendringane, i tillegg til idéar og håp for ei berekraftig framtid.

I januar 2020 dukka det opp ein ny konto på Instagram med illustrasjonar og klimaforteljingar frå heile verda med namnet: Climate Illustrated.

Kontoen vart deaktivert denne veka, men dei håpar å få den tilbake snarast då dei ikkje veit kvifor den vart deaktivert.

Handlar om menneske

Det er norske Marte Skaara (32) som står bak kontoen, saman med veninna Michaela som bur i San Fransisco.

Skaara meiner klimasaka kan bli veldig teknisk.

– Det går i matematiske modellar, klimakvoter, CO2-utslepp og fornybar energi. Det er viktig å hugse at det først og fremst handlar om menneske og økosystema me er del av, seier ho i ein e-post til Framtida.no.

Klimaendringane påverkar menneske over heile verda både fysisk og psykisk. 

– Samstundes er det menneske som er den viktigaste løysinga på klimakrisa – det er me som må skape den berekraftige endringa som trengst for å sikre ein leveleg planet. Verdiar, følelsar, visjonar og opplevingar må også vere ein del av samtalen rundt klimaendringane. 

Marte Skaara, initiativtakar bak Climate Illustrated. Foto: Privat

Starta på COP24

Skaara hadde praksis i FNs klimasekretariat i 2018, då ho utvikla idéen saman med rettleiaren sin i FNs klimasekretariat, der ho hadde eit praksisopphald.

– Michaela og eg var praktikantar saman på teamet for tap og skade relatert til klimaendringane, og ho samla dei første historiene på COP24 i Katowice.

Teamet har vakse sidan, og er no på elleve personar frå Europa, USA og Sør-Amerika som jobbar saman for å samle og illustrere historiene.

Historiene blir illustrert av ei gruppe svært engasjerte, frivillige kunstnarar, og så langt har dei jobba med over 100 forskjellige illustratørar.

Tre år etter oppstarten på COP24, var kunstprosjektet «The Future We Want – Stories of Recovery» med som utstilling på COY16, ungdomane sin klimakonferanse før COP26.

Michaela Koke og Marta Skaara yttst til høgre. Alle på biletet var praktikantar saman i 2018 i FN i Bonn i avdelinga for klimatilpasning.

Gråt av draumen om rein luft

Kvar månad arrangerer Climate Illustrated story workshops, der menneske frå heile verda møtest digitalt for å dele opplevingar knytt opp til klimaendringane og berekraft.

– Ikkje overraskande så opplever ein klimaendringane veldig forskjellig avhengig av kor ein bur i verda, fortel Skaara.

Difor er det viktig for initiativtakarane å inkludere mange ulike perspektiv, frå folk frå ulike stader i verda.

– Ei jente frå India byrja å gråte då ho snakka om at ho ynskja ei framtid med rein luft.

– Folk synest det er vanskeleg å sjå føre seg ei berekraftig verd

Gjennom prosjekta hennar snakkar ho med mange menneske i alle aldrar om klimaendringane og berekraft.

– Frå dei samtalane er det veldig tydeleg at folk flest synest det er vanskeleg å sjå føre seg ei berekraftig verd.

Difor meiner ho at kunsten kan vere eit viktig verkemiddel i klimakampen.

– Kunst set i gong kreative tankeprosessar, og det treng me for å klare å førestille oss ei framtid som er radikalt annleis frå det samfunnet me lever i no. Gjennom illustrasjonar og historier ynskjer me å vise korleis ei rettferdig og berekraftig framtid kan sjå ut.

Kollasj: Framtida.no. Illustrasjonar: Climate Illustrated