Satsar på «grøne» drosjar

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om Malin og Øyvor som har vore polarrekruttar og om New Zealand som har hatt sin eigen trollmann!

Det som no går føre seg inne i eit parkeringshus i Bangkok, gir utsegnet «grøne bilar» ei heilt ny meining.

I staden for å la bilane stå på tomgang sidan færre tek taxi i koronatida, har eit av drosjeselskapa bestemt at dei skal bruka taka på drosjane til å planta grønsaker. Det skriv BBC.

Arbeidarar ved Ratchaphruek Taxi Cooperative, tenkte utanfor boksen då dei laga  miniatyrhagane på toppen av drosjane. Dei trekte svarte bossekkar over bambusrammer og dekka dei med jord. Deretter tok det ikkje lang tid før vekstene tok til å spira.

Sjå video av taxihagane her: 

Vil selja det som er til overs

Selskapet har uttalt at dyrkinga ikkje kjem til å gjera noko skade på bilane. Dei er nemleg i ganske dårleg stand frå før.

– Dei fleste av drosjane har allereie skadar som ikkje er repartert. Motorane er øydelagte, dekka er flate, seier Thapakorn Assawalertkun, som eig drosjeselskapet, til BBC.

Dei håpar at det vil bli mogleg at maten som ikkje er naudsam for sjåførane, kan seljast på lokale marknader.


Visste du at det er plastpose-forbod i Thailand? Sjekk dei kreative løysingane folk har funne på for å handle utan berenett!

Thailendarar med kreative løysingar, for å ikkje bruka plastposar. (Foto: f.v: Thitiwut Varoon, ทอปฟี่ แมคอัพ)