Moddi blir hetsa for å spele på vindpark-arrangement

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Facebook-innlegget skriv han at innboksen hans dei siste dagane har kokt på ein måte han ikkje har sett sidan han avlyste ein konsert i Israel i 2014. Då vart han kalla antisemitt, og det vart laga bilete av han med hakekors og klovnenase.

– Det er ikkje like ille no, men meir enn nok til å lage ein solid knute i magen, skriv Moddi.

Han seier til Nationen at han ikkje stiller seg bak alle vindkraftprosjekt, men at prosjektet i Havøysund likevel er spesielt. Han minner at anlegget er heileigd av kommunane i Finnmark, og at dei vart oppførte lenge før grøne sertifikat gjorde det lukrativt å spekulere i vind- og småkraft. Det er avgrensa naturinngrep og utan store konsekvensar for fugle- og dyreliv, meiner han.

Og artisten minner også om at innbyggjarane i området er positive til vindparken.

– Prosjektet har 100 prosent lokal forankring, stor lokal oppslutning og det gir sårt naudsynte pengar for hardt pressa finnmarkskommunar.


Les også: MDG-politikar Oda Sofie Pettersen (21) les ikkje kommentarfelt om ho kan unngå det

21 år gamle Oda Sofie Pettersen var førstekandidat i MDG Agder, som stilte felles liste til stortingsvalet. Foto: Jonas Stefan