Maren Grøthe (20) i Senterpariet vil arbeide for ungdomen i distriktet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er stort, og ei oppgåve eg verkeleg tek på alvor og ser på med stor ærefrykt. Eg er klar til å gjere ein innsats både for Noreg og Senterpartiet, men ikkje minst for ungdomen, seier Maren Grøthe til NRK.no.
20-åringen blir historisk, og den yngste som har møtt fast på Stortinget nokon gong. Dette skjer fordi Ola Borten Moe (Sp) vart utnemnd til statsråd, og dimed treng ein vara på Stortinget.
– Løfte ungdomens stemme
Grøthe fortel at det kjennest uverkeleg, men også veldig stas å få denne plassen.
– Eg føler litt ekstra ansvar for å løfte ungdomen si stemme, og håpar at det kan gi meg ein arena til å bidra på det feltet, seier ho til NRK.
Vil kjempe for studie- og helsetilbod
Grøthe er frå Hølonda i Trøndelag og skal representere Sør-Trøndelag på tinget. Ho studerer statsvitskap ved NTNU i Trondheim, men legg det til side for å vera heiltidspolitikar. Ho er også kommunestyrerepresentant i Melhus og utvalsleiar for helse- og oppvekst, og skal kombinere desse rollene.
På Stortinget håpar ho å få plass i ein av komitéane på Stortinget for å arbeide med eit ungt blikk på distriktspolitikken.
Ho vil mellom anna kjempe for eit godt desentralisert studie- og helsetilbod, og for å få ned oppkjøringskøane.
Nye på Stortinget
Bak kvar statsråd blir dei ein ledig plass på Stortinget som må fyllast. Denne plassen tek nestemann på lista over, og det er dimed mange nye namn på Stortinget.
Etter at ministerpostane er fordelt, er det desse som kjem inn på Stortinget
(statsrådnamn i parantes):
- Frode Jacobsen, Oslo Ap (Støre)
- Per Martin Sandtrøen, Hedmark Sp (Vedum)
- Ragnhild Male Hartviksen, Akershus Ap (Huitfeldt)
- Tom Kalsås, Rogaland Ap (Tajik)
- Hans Inge Myrvold, Hordaland Sp (Toppe)
- May-Britt Lagesen, Nord-Trøndelag Ap (Kjerkol)
- Margrethe Haarr, Hedmark Sp (Mehl)
- Siri Gåsemyr Stålesen, Oslo Ap (Barth Eide)
- Even Eriksen, Hedmark Ap (Trettebergstuen)
- Ivar B. Prestbakmo, Troms Sp (Borch)
- Karianne B. Bråthen, Nordland Ap (Skjæran)
- Lubna Jaffery, Hordaland Ap (Mjøs Persen)
- Solveig Vitanza, Østfold Ap (Nygård)
- Maren Grøthe, Sør-Trøndelag Sp (Borten Moe)
- Les også: Åse vert den yngste på Stortinget