Målrørsla om statsbudsjettet: – Støre bør finna fleire nynorskmillionar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa føreslår å setja av 1,2 millionar kroner til ein nynorsk forfattarskule for minoritetar i regi av Samlaget og tenkjetanken Minotenk og Nynorsk pressekontor får midlar til å fullføra arbeidet med nynorskroboten som er eit verktøy for automatisk omsetjing frå bokmål til nynorsk.

– Ikkje nok til å følgja opp språklova

Hovudinntrykket til målrørsla er likevel at nynorsksatsinga i framlegget til statsbudsjett er for svak.

– Regjeringa vidarefører meir eller mindre den satsinga dei har hatt på språk og nynorsk dei siste to åra, men ikkje noko meir enn det. Det hadde vi håpt på sidan vi har fått ei språklov som har store ambisjonar for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag til Nynorsk pressekontor.

– Vi ventar også på ei ny opplæringslov som skal gjera situasjonen for nynorskelevane langt betre. Då hadde vi venta at Erna Solberg og regjeringa hennar i det siste statsbudsjettet sitt hadde lagt med dei pengane som krevst for å oppfylla dei språkpolitiske ambisjonane som den avgåande regjeringa trass alt har, seier han.

Mållagsleiaren saknar ekstra pengar til satsing på digitale læremiddel på nynorsk, og seier det er nynorskbrukande elevar som no blir skadelidande fordi dei ikkje får lese- og skriveopplæring på sitt eige språk.

No set han si lit til den nye regjeringa og håpar Støre vil finna plass til fleire nynorskmillionar.

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm. Foto Ivar Aasen-tunet / Anders Aanes

Langt unna

Heller ikkje Nynorsk kultursentrum meiner forslaget til statsbudsjett er nok til å følgja opp ambisjonane i språklova når det gjeld nynorsk.

– Det er positivt at Språkrådet har fått midlar konkret til å følgja opp ambisjonane i språklova, men 500.000 kroner er langt frå den auken på 12 millionar som Språkrådet søkte om, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm, i ei pressemelding.

Han er også nestleiar i styret i Språkrådet.

Uroa for nynorsk i barnehagar og skule

Også Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) meiner det trengst ei sterkare nynorsksatsing i budsjettet.

– Nynorskkommunane etterlyser fleire midlar til satsingar på nynorsk i budsjettet for Kunnskapsdepartementet, seier styreleiar Sara Hamre Sekkingsstad i ei pressemelding.

Ho meiner det er stor trong for fleire digitale læremiddel og ressursar på nynorsk.

LNK er særleg uroa over framtida til Pirion, etter at støtteordninga der avisa har fått støtte dei siste åra er føreslegen fjerna frå statsbudsjettet. Pirion er ei kulturavis for alle som jobbar med barn og har som mål å stimulera språk- og kulturarbeidet i barnehagane og småskulen. Avisa blei starta for vel 20 år sidan av LNK og Noregs Mållag.

Nynorsk kultursentrum hadde håpt på 600.000 kroner i statsbudsjettet for å få til heilårsdrift ved Vinjesenteret. Desse pengane er ikkje på plass i budsjettforslaget. Her eit bilete frå i sommar. I midten leiar Kristian W. Rantala, program- og vertskapsansvarleg Åsne Vesaas (t.v.) og digital formidlar Line Omland Eilevstjønn. Foto: Yngve Vogt / NPK

Saknar midlar til Vinjesenteret

Både mållagsleiaren og direktøren i Nynorsk kultursentrum hadde også håpt at regjeringa skulle finna pengar til å fullfinansiera Vinjesenteret. Dei 600.000 kronene dei søkte om, er ikkje komne med på forslaget til statsbudsjett.

– Vi har søkt om ei auka løyving for heilårsdrift og for å ha fire tilsette ved Vinjesenteret. Det har vi ikkje fått gjennomslag for, seier Øvereng.

– Kva konsekvensar får det om budsjettforslaget skulle bli ståande?

– Den førebelse konsekvensen er at vi må sjå litt meir etter andre midlar eksternt. I tillegg må vi kanskje prioritera litt annleis internt. Vi har eit sterkt ønske om å satsa meir i Vinje og i Vestfold og Telemark, men det kan henda vi må gjera litt om på formidling og ein del skuleopplegg som vi har ønskt å setja i gang, seier Øvereng. (©NPK)