Norske isbrear held fram med å trekkje seg tilbake
Isbreane i Noreg krympar raskt. Styggedalsbreen i Hurrungane har gått tilbake 37 meter frå i fjor haust. Det er det meste på eitt år sidan målingane starta.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Haugabreen i Jostedalsbreen nasjonalpark har vorte målt sidan 2013, og sidan den gongen har breen trekt seg 84 meter tilbake. Frå i fjor til i år er tilbaketrekkinga på fem meter, skriv NRK.
Nigardsbreen, også ein brearm av Jostedalsbreen, har gått tilbake 39 meter frå i fjor. Tilbakegangen i perioden 2001–2011 var på 138 meter, medan tilbakegangen mellom 2011 og 2021 var på heile 480 meter.
Andre brear, som Styggedalsbreen i Hurrungane, har tilsvarande stor tilbakegang. Breen har gått tilbake 37 meter frå i fjor haust – den største årlege endringa sidan målingane starta i 1901.
Bremålingane blir gjort i regi av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Utviklinga i Noreg er i sin tur ledd i ein global trend. Isbrear smeltar og trekkjer seg tilbake over heile verda, frå Arktis til Alpane, Andesfjella, Himalaya og den vestlege delen av Antarktis.