«Kjem vi til å halde fram å dele når ting er vanskeleg, eller er alt det der forbi?»

Aida Tesfai
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tema for Verdensdagen i år er livet før og etter pandemien.

Vi kan vel sei at vi har lært mykje om psykisk helse i løpet av denne pandemien. Kanskje først og fremst at alle har ei psykisk helse. Og like viktig: At alle kan slite med psyka frå tid til anna. Vi kan til og med snakke om det, for no veit vi at andre kan føle på det same.

Å ha det vanskeleg er ikkje øyremerkt mystiske menneske som stirrar i taket i vekesvis. Vi har komme eit stykke, ja, og eg vil påstå at pandemien har bidrege til å auke forståinga vår.

Eg vil påstå at pandemien har bidrege til å auke forståinga vår.

Vi forstår kor viktig det er å vere ein del av noko. Fotballtreningane, korøvingane, samtalar med framande på bussen. Det å få vere på skulen og på kontoret betyr så mykje meir enn mange av oss var klare over. Å sjå kvarandre betyr mykje for oss, og det har vi lært the hard way.

I godt over eit år har heile Noreg hatt det vanskeleg saman. I halvanna år har vi vore isolerte og einsame på heimekontor og -skole på kjøkenstolar vi før pandemien ønska å sitje meir på. Vipps så var det dårleg psykisk helse og dårleg ergonomi nok til alle.

Så no når alt skal tilbake til det «samma gamla vanliga» synest eg vi skal snakke om ein ting først.

Den der openheita som vi ellers pratar så mykje om på feltet mitt. Kva gjer vi med den no?

Kjem vi til å halde fram å dele når ting er vanskeleg, eller er alt det der forbi? For har vi ikkje akkurat lært kva som er den viktige openheita?

Å vere open om at livet er tungt og å seie ifrå på jobb eller skule at du treng arbeidsoppgåver i ei anna form eller takt ei stund, er fordømt vanskeleg. Det veit du som har gjort det, og du som veit at du bør gjere det. Kva som skjer når vi seier ifrå, varierer. Vi kan godt seie at det ikkje burde vere slik, men det veit vi at det er.

«Ok, seier du det altså? Kan du kome på jobb i dag om du får fylle på varer i istadenfor å stå i kassa? Jammen, det skal vi klare å få til!».

Om dette kan vere skilnaden på å gå på jobb eller melde seg inn sjuk, og i verste fall slutte i ein jobb ein med enkle grep kunne meistra, om vi berre var opne nok og arbeidsgjevar mottakeleg, så veit vi alle kva som bør gjerast.

Dei samfunnsøkonomiske gevinstane ved å få til denne openheita fortener ein eigen kronikk, men poenget er at openheit ikkje må vere så veldig vanskeleg, og tilrettelegging burde vere meir enn ord.

Openheit ikkje må vere så veldig vanskeleg, og tilrettelegging burde vere meir enn ord.

Vi har det ikkje bra når vi er best, vi er best når vi har det bra. Vi trur store tiltak og massiv tilrettelegging er det som skal til.

Så la oss prøve å gå back to the basics:

Kva gjer at den som har det tungt får det lettare?

Kva treng du for å fungere best mogleg no? Vi veit at det er det som skal til for å inkludere alle på jobb og på skulen, for dét har vi jo måtta gjere under pandemien.

La det vere leksa vi ikkje gløymer.

Følg opp.


Har du noko på hjartet? Send dine tankar/meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no!