Tilbakeblikk på pandemitida: – Me har jobba for fellesskapet

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om Michelle (15)  som er ny jeger før årets jaktsesong.

– Me har stått på i snart to år. Ikkje for oss sjølv, men for andre. For dei eldre og dei som dette viruset er kjempefarleg for, seier Aurora Haltbrekken Burkeland (14).

Noreg har opna opp. Alle tiltak me er blitt vande til, er blitt oppheva. Det er ikkje lenger naudsynt å halda ein meter til vennen frå eit anna trinn. No er det lov å klemma alle me vil. Maria Vaagland (15) fortel at det siste året har handla om solidaritet.

– Me har jobba for fellesskapet, seier ho.

– Eg har aldri vore redd for å bli smitta sjølv, men eg har vore veldig redd for å smitta andre, seier Margit Øversjøen Brekke (14).

Jubla då dei fekk heimeskule

At det allereie har gått 18 månader sidan Noreg innførte dei strengaste tiltaka sidan krigen, er rart å tenkja på. Jentene hugsar godt dei hektiske dagane i mars i fjor.

Flokkdyr: Jentene seier at dei til ei viss grad føler at politikarane har tatt vare på barn og unge under pandemien. – Politikarane har gjort så godt dei kan, men det har vore rare prioriteringar. Heimeskulen var for eksempel veldig demotiverandre, og veldig tøft for mange. Me menneske er flokkdyr, og må vera sosiale med kvarandre, seier dei. Foto: Marte Husabø

– Eg hugsar at eg tenkte at viruset ikkje ville komma til Noreg så kjapt. Heile klassen vår feira då me fekk beskjed om at me skulle ha heimeskule. Me tenkte ikkje at det kom til å ha så mange negative konsekvensar, seier Heley Sahak Rahmatullah (14) og fortset:

– Eg vart veldig skuffa då eg fann ut at alt eg såg fram til, kom til å bli avlyst.

Jentene fortel at dei var sikre på at dette kom til å vera over på eit par vekers tid. Men slik vart det ikkje. I alle fall ikkje i Oslo, der dei bur. Dei føler at det har hatt mykje å seia kor i landet ein har budd i koronatida og beskriv kjensla av å falla bakpå.

– Me må ta att mykje

– Folk som kjem frå mindre plassar har komme mykje lenger enn oss både på trening og på skulen. Me har mykje me må ta att, seier Aurora Haltbrekken Burkeland.

No spørs det korleis samfunnet reagerer på at me er nærare kvarandre enn me har vore på nesten to år. Jentene ser fram mot ein meir normal kvardag – sjølv om dei gjerne kunne tenkt seg å behalda nokre av tiltaka litt til.

– Eg synest me burde ha halde fram med tiltak til alle er vaksinert. Det er framleis ganske skummelt, seier Maria Vaagland.

Dei trur at me på eit eller anna tidspunkt faktisk berre må stoppa å testa og gjera tiltak, og håpar at koronapandemien blir som ein influensa.

– Eg håpar at me kjem fram til at korona ikkje var så farleg som me trudde, seier Vaagland.


Erle Berntsen (9), Maya Khurseed (9) og Marla Kamprath Buli (snart 9) trur at dei får vera mykje på skulen i haust. – Fleire og fleire blir vaksinert, det hjelper på viruset, seier Erle. Foto: Marthe Husabø