Klemming er på veg tilbake: – Ein klem gjer at du føler deg trygg

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du òg lese om elefantar på Sri Lanka og blekksprutar som hugsar godt.

Då koronaviruset kom til Noreg, var det mykje som plutseleg vart annleis. Me måtte bli flinkare til å vaska hendene og unngå å klemma dei me ikkje budde saman med.

No, eit og eit halvt år seinare, har Framtida Junior tatt ein prat med Oslo-jentene Erle Berntsen (9), Maya Khurseed (9) og Marla Kamprath Buli (snart 9) for å høyra kva dei tenkjer om klemming. Når dei får spørsmålet om dei har klemt nokon denne veka, svarar dei samstemt ja.

– Eg har klemt mange venner, foreldre, søsken og besteforeldre, seier Maya.

Jentene fortel at det er litt annleis no enn i starten av pandemien. Grunnen er at det er fleire som har fått vaksine mot viruset.

Kan du ikkje klemma eit menneske, kan du klemma eit tre! Forskning har vist at det faktisk kan gi deg betre mental helse. Foto: Marte Husabø

Sakna å klemma

– Når pandemien kom, vart det pause på klemminga. Så vart det ein rutine at me ikkje skulle klemma så mange. Eg hugsar at eg sakna det litt, for ein god klem gjer at du føler deg trygg, seier Erle.

Maya og Marla nikkar enig.

– Eg pleier å klemma mange folk, så det vart ei vane som vart brota, seier Maya.

– Besteforeldra mine er frå Tyskland. Når dei kom på besøk, greidde eg ikkje å la vera å klemma dei, seier Marla.

Vener gir dei beste klemmane

No håpar jentene at det blir ein normal haust på skulen, og at dei kan sleppa kohortar og avstand. For nettopp på skulen kan dei møta mange av dei som gir dei beste klemmane.

– Eg likar best å klemma venner. Det er godt med ein klem viss du skal reisa eller viss du er lei deg, seier Maya.

Jentene fortel at dei er lei av kohortar og avstand i klassen, slik at dei ikkje kan vera med alle dei vil. – Eg synest oppdelinga og miksinga av kohortar har vore vanskeleg, for eg har mange venner i andre klassar, seier Marla. Foto: Marte Husabø

– Eg også, seier Marla og legger til at den beste klemmen er den du får viss du skal seia hadet til nokon.

– Til vanleg er det klemmar frå venner som er dei beste klemmane. Men ellers er dei beste klemmane frå dei du ikkje har sett på lenge, seier Erle.


Petter Aaberg (t.v.) og Sverre Kvamme vann Publikumsprisen for dokumentaren Nattebarn. Foto: Bente Kjøllesdal