Kunstnarar har pakka inn Triumfbogen

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg få ei omvisning på Stortinget av Ida (7) eller lese om Herman (12) som vil bli verdas beste frisbeegolfar!  

Triumfbogen er eit massivt monument som er forma som ein boge. Det vart bygd midt i Paris for å heidra minnet om franske soldatar.

Innpakninga er det Christo og kona hans, Jeanne-Claude, som står bak. Sjølv om både Christo og Jeanne-Claude er gått bort, var dei berømte for sine enorme kunstverk utandørs, som ofte blir kalla «installasjonar», skriv Newsforkids.

Pakka inn alt frå bygningar til bruer

Christo og Jeanne-Claude utforska mange idear, men kreasjonane deira var aldri designa for å vera permanente. Eit minutt var dei der, og nokre veker seinare var dei borte.

Dei har pakka inn alt frå bygningar og bruer i Europa til ein kystbit i Australia. Ideen om å pakka inn Triumfbogen, kom Christo på for nesten 60 år sidan. Som ung budde han i Paris, i eit lite rom like ved monumentet. I 2017 bad han den franske regjeringa om løyve til å gå vidare med planane sine.

Foto: Benjamin Loyseau
© 2021 Christo and Jeanne-Claude Foundation

Dessverre døydde Christo i fjor, før prosjektet kunne fullførast. Jeanne-Claude døydde i 2009. Men Christos nevø, Vladimir Yavachev, klarte å fullføra prosjektet. Yavachev hadde jobba som Christos assistent sidan han var 17.

– Dette er det kunstnariske eventyr handlar om

«L’Arc de Triomphe, Wrapped» opna den 18. september. Den franske presidenten, Emmanuel Macron, sa dette då han omtalte prosjektet:

– Dette er det kunstnariske eventyr handlar om.

Det tok nesten 250 000 kvadratmeter materiale for å dekka bogen, og rundt 3 kilometer raudt tau for å knyta han fast. Nokre menneske har klaga over at så mykje stoff vart brukt på så kort tid, men kunstnarane har sagt at dei har brukt eit materiale som kan resirkulerast.


Ahmed Umar er vorte ei viktig LHBT-stemme i heimlandet Sudan. Dette biletet er frå serien «Carrying the face of uglyness». Foto: Ahmad Umar