Oppskrift: Bananlappar

Lappar er superlurt å laga for å redda brune bananar og andre matrestar, og smakar supergodt!

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redd bananane med bananlappar!

Har du lappar til overs kan desse fint frysast ned. Og husk: Jo brunare bananar, jo søtare lappar!

Ingrediensar: 

  • 2 brune bananar
  • 2 dl sammalt mjøl
  • 2 dl havregryn
  • 1 ts bakepulver
  • 3 egg
  • 2,5 dl mjølk
  • Smør/margarin til steiking

Slik gjer du det: 

Mos bananane med ein gaffel. Visp egga og bland saman det tørre i ei bolle. Tilset gjerne litt kanel og kardemomme! Bland alt saman og tilset mjølk.

La røra stå og svelle litt før du startar å steika lappane.

Smelt litt smør/margarin i steikepanna. Ta to spiseskeier med røre i panna og rør ut til ein liten lapp. Snu lappane når overflata er stivna.

@spisoppmatenBrune bananer = verdens diggeste bananpannekaker ? ##foryoupage ##foryou ##banana ##pancake♬ Pancakes – Shekudeen

Tips til variasjonar og bruk av andre restar:

Søte restelappar: Ha i frukt og bær i bitar; Tilset restar av søt eller naturell yoghurt.

Salte restelappar: Dropp bananane og kutt opp kjøtt, skinkepålegg, ost ol. og ha i røra; Tilset grønsaksrestar eller potetmos.

Alle typar restelappar: Tilset spinat for grøne pannekaker; Tilset raspa gulrøtter; Bytt ut deler av røra med yoghurt/kesam/rømme; Byt ut delar av røra med risgraut/havregrautrestar; Ver kreativ med tørrvarene i skapet!


Susanne Nordvang Nesse er matreddar

Susanne Nordvang Nesse er matreddar i sosiale medium. Foto: Privat