Utviklingsministerposten er ledig – men berre for éin dag

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skjer i samband med jentedagen 11. oktober, då jenter tek over leiarstillingar i heile verda, opplyser Utanriksdepartementet.

Personen som «blir tilsett», får ansvaret for Noregs utviklingspolitikk, med hovudvekt på rettane til jenter og likestilling, og dessutan global helse og utdanning og får òg følgje utviklingsministeren i nokre av dei daglege gjeremåla hans og møte.

Departementet byr på givande arbeidsoppgåver og hyggjelege kollegaer, men gjer merksam på at engasjementet er ulønt.


Unge Høgre-politikar Arina Aamir (15) var i oktober deltakar på Plan International Norge sitt prosjekt «Girls takeover», der ho fekk prøva seg som utviklingsminister for ein dag. Ho meiner det er på høg tid at Solberg-regjeringa får ein kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn. Foto: Plan International Norge