Podkastane som gjev deg trua på at unge kan endre verda

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst ei rekkje podkastar signert unge engasjerte, som gjev deg trua på at dagens ungdomsgenerasjon kan forandre verda.

Her er ein plass å starte: 

Hemma

Marianne Knudsen og Ida Hauge Dignes, som begge er engasjerte i NHFU, vann Skamløsprisen 2021 for podkasten sin Hemma. Då dei mottok den gjeve prisen, uttalte dei at «vi vil ikkje verte brukt som inspirasjonsporno, vi er folk».

Det er kome over 50 episodar i podkasten, og kvar veke er ein ny gjest innom. Episodane tek for seg ei endelaus rekkje tema, alt frå kropp og sex til klimakrisa og politikk.

Forandringspodden

Synest du det er litt overveldande å skulle setje seg inn i store spørsmål og utfordringar som kjønnsbasert vald og menneskerettsbrot i næringslivet?

Då kan det vere Changemaker sin podkast Forandringspodden kan hjelpe deg litt på veg.

Oljekåt

Oljekåt leier programleiar Mia Cathryn Chamberlain lyttaren gjennom den norske oljehistoria.

Podkasten er laga i samarbeid med Natur og Ungdom, og programleiaren medgjev at han difor kan vere litt partisk, men at ho likevel vil freiste å gje ei nyansert framstillinga av oljepolitikken.

Kween søker konge

Lurer du på korleis det er å vere skeiv i Zimbabwe, eit land der ein kan verte fengsla for å vere homofil eller banka opp for å halde hender med nokon av same kjønn?

Då bør du lytte til Kween søker konge frå Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Gjennom eit halvt år fortel den anonymiserte hovudpersonen om kvardagen og jakta på den store kjærleiken.

Skolens egen time

Anten du framleis sit på skulebenken eller for lengst har lagt ryggsekken frå deg, det kan framleis vere matnyttig å delta i Skolens egen time.

Podkasten er laga av Elevorganisasjonen og tek føre seg skulepolitikk og rettane ein har som elev eller lærling.


Les også intervjuet: Sofie skal verte Noregs nye diktator

Noko av det som skremmer Sofie Høgestøl og Sofie Frøysaa, er kor enkelt det har vorte å spreie falske nyheiter og konspirasjonar på internett. Foto: Bente Kjøllesdal