Neda Alaei har skrive ei medrivande god bok om eit særs vanskeleg mor-dotter-forhold.
mm
Fakta
  • Tittel: Å fange luft
  • Forfattar: Neda Alaei
  • Forlag: Gyldendal
  • Utgitt: september 2021
  • Sjanger: Roman
LES FAKTALUKK FAKTA

Har eit menneske verdi som individ? Eller er det viktigare å vera del av ei gruppe – ein familie?

Kor mykje kan ein person bestemma og diktera over ein annan sitt liv?

Kan me krevja å berre vera til for oss sjølve?

I boka Å fange luft av Neda Alaei møter me Samia idet ho byrjar på vidaregåande. Klassen er ny og alle er framande. I eit heilt nytt og ukjent landskap er Samia nøydd til å finna nye vennar, nye alliansar – og kanskje også kjærleiken. Ikkje minst må ho finna seg sjølv.

Som om det ikkje var kaos nok på skulen så er alt mykje verre heime eigentleg.

Familien til Samia består kun av ho og mor hennar. Mor er ikkje i arbeid og verkar å ha eit ikkje-eksisterande sosialt nettverk.

Kontrollerer alt

I mor sitt liv handlar alt om Samia, ho har ikkje noko anna. Og mor vil at forholdt skal vera gjensidig. Ho seier til Samia: «Husk at jeg er det viktigste for deg.»

Men i livet til Samia er det så mykje meir enn mor. Ho vil hengja med vennar. Ho vil flørta med gutar. Ho vil dra på fest. Og ho vil – av og til – få vera i fred.

Samia vil vera sitt eige vesen.

Men mor kontrollerer alt. Ho sendar tekstmeldingar i hytt og pine. Kjem Samina heim snart?

Dette utdraget illustrerer Samina sitt liv utruleg godt: «Jeg føler meg som en dukke på utstilling da jeg går inn på badet og ikke engang kan låse døren etter meg. Du har ikke fikset låsen etter du brøt den opp sist.»

Samina er prega av skuldkjensle. Romanen er skriven får hennar perspektiv. Mora blir konsekvent kalla «du». Boka vekslar mellom å vera ei bønn om hjelp og eit tiltaleskrift. Det bognar over av sterke kjensler og skarpe blikk.

Modig portrett

Å fange luft er i det heile ei særs velluka bok. Etter å ha kome seg i gjennom ein litt treig start er det vanskeleg å leggja boka ifrå seg. Neda Alaei veit utan tvil korleis ho byggjer opp spenning og engasjerer oss. Heile kjensleapparatet blir sett i gang.

Boka er alvorleg og tek lesaren på alvor utan å bli kjedeleg og moraliserande.

Det er så innmari tøft skrive!

Skildringa av Samia er eit modig portrett. Det blir ikkje forsøkt å skjula noko som helst. Alt er ope og direkte. Samia er sårbar og avkledd. Det er heilt umogleg å ikkje bli besett av skjebnen hennar. Det er så innmari tøft skrive! Den forrige boka som Neda Alaei skreiv – Dette er ikke oss – vann Kulturdepartementets debutantpris, Bokbloggerprisen og Uprisen! Eg er temmeleg sikker på at òg Å fange luft blir ein prisvinnar og lesarsuksess.

LES OGSÅ: I bokhylla: Upris-vinnar Neda Alaei avsluttar året hundre leseopplevingar rikare

Neda Alaei (30) les til nauds ei vaksenbok om ho får ho anbefalt av fleire. Foto: Julie Pike, Omslag Gyldendal
Oppdatert: måndag 13. desember 2021 10.22

LES OGSÅ

ANNONSE