Pfizer: – Vaksinen verkar på barn ned til fem år
Måndag gjekk Pfizer ut og informerte om at vaksinen deira også fungerer på barn mellom fem og 11 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om blekkspruten som blir kalla «havets kameleon».
No vil dei be om godkjenning for å vaksinera også denne gruppa i USA, melder nyhendebyrået AP.
Selskapet har testa vaksinen på denne aldersgruppa ved å gi ein mindre dose, som tilsvarar omtrent ein tredjedel av det som er blitt gitt til vaksne og tenåringar.
– Trass i at det er ein mindre dose, oppnådde barn like stort vern etter to dosar som tenåringar og unge vaksne, seier Bill Gruber, som er barnelege og ein av visepresidentane i Pfizer til AP.
Færre biverknader
Dosen som er gitt til barn mellom fem og 11 år, viser seg også å gi færre biverkader enn det vaksne og tenåringar har rapportert om. Eksempel på biverknader er å bli støl i armen eller å få feber.
Bill Gruber fortel at dei håper at vaksinen blir godkjent for bruk på barn i USA innan slutten av september. Deretter vil dei at også be om godkjennelse i EU og Storbritannia.
– Eg føler det hastar å også gjera vaksinen tilgjengeleg for barn under 12 år. Foreldre ønskjer at barna skal få koma tilbake til eit normalt liv, seier Gruber.