Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skulka skulen for å vere heime og lese ho.

Sanne Mathiassen tenkjer tilbake til då ho var tenåring, og las den filosofiske Sofies Verden av Jostein Gaarder. Boka gjorde inntrykk på unge Mathiassen:

– Eg følte han tok meg som lesar på alvor. Dei første tekstane eg skreiv var veldig inspirert av han. Filosofiske og fulle av digresjonar.

Forfattaren frå Senja debuterte som forfatttar i 2012 med ungdomsromanen Dagene før mai. No er ho aktuell med si fjerde bok Øya synker sakte, der handlinga går føre seg i ei mørk framtid der klimakrisa har ført til ekstreme tiltak.

Vi har kika i bokhylla til Mathiassen: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Akkurat no ligg det to hårstrikk, ei flaske vatn og Synne Sun Løes med Sinnapsykologen.

Kva bøker les du helst?

– Eg les helst ungdomsbøker, eg likar mest det absurde, merkelege og litt kjærleik.

Desse bøkene fekk Sanne Mathiassen til å grine, le, verte sint og tenkje.

Kor les du?

– Eg les mykje på bussen og i andre ventesituasjonar. Prøvar å heller lese enn å scrolle.

Kva bok vart lesen til deg som liten? Og kven las?

– Pappa las teikneseriar for meg. Mamma las Astrid Lindgren og Roald Dahl. Eg hugsar særleg då ho var gravid med lillebroren min og vi las Brødrene Løvehjerte. Broren min heiter difor Jonatan, som storebroren heiter i boka.

Brødrene Løvehjerte har vore ein favoritt for mange sidan den første vart gjeven ut i 1973. Utsnitt frå omslag: Cappelen Damm

Omslag: Cappelen Damm

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Åh, det er mange bøker. Eg ser ofte film eller les ei bok og tenkjer: Shit, den skulle eg ha skrive. Min draum må likevel ha vore Janne Teller med Ingenting, som er ei grufull og mørk ungdomsbok. Då eg las ho, skjønte eg at ein verkeleg kunne drage det langt i ungdomsbøker.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Eg er veldig oppteken av godt språk. Eg hadde ein periode eg ikkje kunne lese engelske bøker, for eg begynte fort å bygge opp mine eigne setningar på engelsk. Det funka jo ikkje. Eg likar godt språk, overraskande vendingar og god dialog. Men mykje kan gjere ei god bok, ein må ikkje måle seg sjølv inn i eit hjørne.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

 – Eg er Sofie frå Sofies verden. Full av under og nysgjerrigheit.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Altså, tenk å møte Astrid Lindgren, då. Vi kunne diskutert barne- og ungdomslitteratur over ein betre middag, medan vi etterpå kunne gått ut for å klatre i tre, for det har eg lese at Lindgren gjorde til ho var veldig gammal!

Astrid Lingren i Vasaparken. Foto: K.W. Gullers/CC BY-NC-ND 4.0

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Kjempevanskeleg å velje. Eg trur Matias Faldbakken gjev meg mykje av det eg treng. Også det han skreiv under pseudonym. Eg kunne levd i bøkene hans. Det hadde gått heilt fint det!

Kva av bøkene dine hadde du helst sett gjort om til film – og kven skulle spelt hovudrolla?

– Den tredje boka mi handlar om ei jente som vert dumpa av sambuaren sin, og i staden for å flytte ut flyttar ho inn i garderobeskapet deira inne på soverommet, og endar opp med å sjå livet hans gjennom ein sprekk i døra, fortel Mathiassen og held fram:

Gine Cornelia Pedersen spelte Nenne i NRK-serien Unge Lovende. Foto: Monster Scripted

– Den hadde vore spennande som film, og då måtte det ha vore nokon som Gine Cornelia Pedersen som spelar Nene i Unge Lovende, som gjekk på NRK. Det hadde vore fantastisk!


Christine Kjellstrøm Melby debuterte som forfattar med dikstsamlinga Ho på Samlaget. Foto: Samlaget

Sanne Mathiassen

Alder: 37 år

Frå: Senja

Utdanning: Litteraturformidler

Yrke: Forfatter

Kor mykje les du sjølv? Om eg ikkje reknar med bøkene eg les høgt for borna mine, ligg eg på kring seksti bøker.