Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ånei, det blir jo som å ha yndlingssongen som vekkarklokke! svarar Christine Kjellstrøm Melby på spørsmål om kva forfattar ho hadde valt, om ho berre skulle lese éin resten av livet.

Om ho likevel lyt velje går ho får ein forfattar som skriv bøker ho kan sjå føre seg å lese fleire gongar:

– Eg elskar Merethe Lindstrøm sitt forfattarskap, så kanskje ho, skriv Melby på e-post til Framtida.no.

31-åringen frå Mandal er til vanleg masterstudent i sosiologi, men debuterte i vår også som forfattar med diktsamlinga Ho.

Vi har teke ein kik i bokhylla til forfattaren: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Eg har ikkje nattbord, men på golvet ved senga ligg det fleire bøker (nei, eg er ikkje så ryddig av meg!) Eg les dei mellom andre bøker, dei er gjerne novellesamlingar og diktsamlingar. No har eg Rapportar frå havet av Hildegunn Dale, Kairos av Andrzej Tichý, Utstyrstekstar av Arne Hennig Årskaug og Vonde Blomar av Gunnhild Øyehaug.

Omslag: Samlaget, Kolon Forlag

Kva bøker les du helst?

– Eg les helst samtidslitteratur, for det meste norsk, men eg har òg eit hjarte for islandsk og øst-europeisk litteratur.

Christine Kjellstrøm Melby fortel at ho ein gong hadde eit prosjekt der ho freista lese bøker frå heile verda, men at ho alltid endar tilbake i den norske samtidslitteraturen.

– Sikkert fordi eg kjenner meg igjen i kvardagslivet, stadane og referansane der. Likevel vekslar eg etter kva eg er i humør til, og kan òg lese sci-fi og meir klassiske romanar. Krim føretrekker eg på tv.

Dette er bøkene som fekk Christine Kjellstrøm Melby til å le, gråte, verte sint og tenkje.

Kor les du?

– Eg les helst i sofaen heime medan eg et sjokolade. Etter at eg flytta til Oslo har eg òg blitt fan av å ta med meg ei bok ut i parken for å lese der. Eg les òg veldig godt på tog, eg har oppgjennom nærmast pendla med tog for å besøke familie og har lese ut ein god del bøker slik.

Kva bøker vart lesne til deg som liten? Og kven las?

– Mamma las for meg, av og til storebror og barneskulelæraren min las for oss. Eg hugsar godt Astrid Lindgren sine Brødrene Løvehjerte, Pippi Langstrømpe og Aurora fra blokk Z. I tillegg vart det lese folkeeventyr hugsar eg.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg las mykje som tenåring. Eg las alt av Anne Karin Elstad på slutten av barneskulen. Eg hugsar òg eg las om såkalla tyskertøser og lebensbornbarna som gjorde inntrykk, eg hugsar ikkje kven forfattarane var, fortel Christine Kjellstrøm Melby og held fram:

Omslag: Pax forlag

– Eg hugsar òg at Bokhandleren i Kabul gjorde inntrykk, eg var sikkert litt ung da eg las ho. Eg las Halvbroren og elles mykje frå Lars Saabye Christensen på ungdomsskulen. Eg måtte halde meg frå å le høgt i klasserommet da eg las Populærmusikk fra Vittula.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Åh, berre ei? Det er så mange!

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Eg er ein suckar for godt språk og nydelege setningar.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Dei som surrar rundt, ikkje får det heilt til, som ofte kjenner seg som ein framand.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag? Kva ville du servert?

– Eg har lyst til å seie Simone de Beauvoir, men òg Agnes Ravatn. Eg crushar noko hardt på ho. Eg elskar humoren hennar og eg trur det hadde blitt ein bra kveld. Eg likar ikkje å lage mat, så vi hadde vel kanskje drukke mest vin og bestilt take-away.

Simone de Beauvoir og Agnes Ravatn skulle fått kome på vin og take away hjå Christine Kjellstrøm Melby. Foto: Moshe Milner, CC BY-SA 3.0, Marius Viken/Samlaget. Kollasj: Framtida.no

Boka di vert filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Kanskje ho som hadde hovudrolla i Gunnhild Øyehaug si Vente, Blinke «Kvinner i for store herreskjorter»: Inga Ibsdotter Lilleaas.

Inga Ibsdotter Lilleaas spelte i filmen med i filmen «Kvinner i for store herreskjorter» (2015) som var fritt basert på romanen Vente, blinke. 
Foto: Terje Pedersen / NTB


Ruth Lillegraven sin krimdebut vert film, og forfattaren sjølv drøymer om Oscar-vinnar Cate Blanchett i hovudrolla. Foto: Kagge Forlag, AP Photo/Alessandra Tarantino. Kollasj: Framtida.no

Christine Kjellstrøm Melby

Alder: 31

Frå: Mandal

Utdanning: Ein bachelor i sosiologi og ein bachelor i religionsvitskap

Yrke: Masterstudent i sosiologi

Kor mykje les du sjølv? (Gjerne tal bøker i året): Det svingar litt frå år til år, men rundt 40-50 bøkar i året tippar eg jamt over.