Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokre av dei beste barndomsminna mine er i armkroken til mormor med ei bok framfor oss, fortel Ingrid Senje på e-post til Framtida.no.

Forfattaren frå Oslo fortel at ho vart lesen mykje til som barn, både av foreldre og besteforeldre.

Då ho vart gammal nok til å lese sjølv, hadde ho ein forkjærleik for triste bøker:

– Gjerne så triste som mogeleg, og ein av favorittane mine var Torun Lians Bare skyer beveger stjernene, fortel ho.

Bokdebutant og kritikar på si

Ingrid Senje bur til dagleg i Milano, der ho arbeider frilans som manuskonsulent, språkvaskar og kritikar.

– Eg les sikkert 100-150 manus i året som del av jobben min, i tillegg til dei bøkene eg les på fritida, fortel Senje, som har ein master i nordisk litteratur i tillegg til å ha studert ved Skrivekunstakademiet.

Omslag: Samlaget

I vår debuterte ho også med si første bok, novellesamlinga Stupeteknikk, som ho har hausta mykje ros for.

Morgenbladet sin meldar kalla det «god og klassisk novellekunst» medan meldaren frå Stavanger Aftenblad skreiv at Senje skriv «skildringar av situasjonar som er enkle nok til å appellera vidt og djupe nok til at noko set seg fast og gjer inntrykk». 

Vi har teke ein kik i bokhylla til forfattaren: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Nye nynorske noveller 2 – Og alle ting vert nye, og Caroline Albertine Minor sin nyaste roman, Hummerens skall.

Omsmlag: Samlaget, Cappelen Damm.

Kva bøker les du helst?

– Eg les mest nordisk samtidslitteratur – både noveller, romanar og poesi. Dessutan les eg mykje barne- og ungdomslitteratur, både som del av jobben min og på fritida. Her er det mykje fint å hente, også for vaksne!

Kor les du?

– Overalt! På stranda, på trikken, i skuggen, liggande på golvet og i sofaen.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Dette er jo eit klisjésvar, men eg var i tenåra då Harry Potter-serien først kom ut, så eg har nokre av dei sterkaste lesaropplevingane mine med dei bøkene – både med spenninga og utolsemda mens eg venta på at neste bok skulle kome ut, og med den bobla som oppstod då eg endeleg hadde boka i hendene og kunne byrje å lese.

– Då var det som om heile verkelegheita rundt meg forsvann, og det einaste som talde var universet i boka. Den typen lesaropplevingar unner eg alle å ha i løpet av livet!

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Kanskje Inghill Johansen si Bungalow? Eg har sjølv prøvd å skrive denne typen kortprosa, og det er mykje vanskelegare enn det framstår som. Eg er veldig imponert over korleis ho har klart å gi dei korte og tilsynelatande enkle tekstane fleire lag, og over kor mykje ho klarer å formidle med dei. Det er ei bok som kan lesast om att og om att!

Ingrid Senje er imponert over boka Bungalow av Inghill Johansen. Foto: Pernille Marie Walvik/Oktober

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Her speler mange ting saman, trur eg. Godt språk, levande og originale skildringar og rom for at lesaren kan gjere seg sine eigne fortolkingar. Samstundes opplever eg det som at verkeleg gode bøker har noko ved seg som det er vanskeleg å setje ord på – at dei opnar eit rom det kjennest godt å vere i, og at dei får lesaren til å halde fram med å tenkje også etter at boka er ferdig.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– No til dags kjenner eg meg som regel mest att i enkelteigenskapane til bokkarakterar, og ikkje heile karakteren. Men som ung litteraturstudent hugsar eg at eg blei slått i bakken av kor mykje eg kjente meg igjen i Sigrid i Gunnhild Øyehaug sin roman Vente, blinke, skriv Senje og forklarar:

I Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug møter ein litteraturstudenten Sigrid. Foto: Helge Skodvin/Kolon forlag.

– Det var første gongen eg las om nokon som hadde ein like ivrig indre dialog som meg sjølv, og like store kvalar med å gjere tankane sine om til handling.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag? Kva ville du servert?

– Om eg kunne velje heilt fritt, ville eg ha invitert kunstnar, forfattar og filmskapar Miranda July på middag. Ho sluttar aldri å overraske i prosjekta sine, og å få eit innblikk i kva som går føre seg i hovudet hennar trur eg ville ha vore veldig inspirerande.

Miranda July har utmerka seg både som forfattar, kunstnar og filmskapar. Foto: Arthur Mola/Invision/AP

– Så får eg heller ta risikoen for at ho ville ha gjort om middagsselskapet til performancekunst og publisert det på instagram.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar og kvifor?

– Å måtte avgrense seg til å lese berre éin forfattar for resten av livet høyrest ut som ei form for tortur, men dersom eg verkeleg vart tvungen, ville eg ha valt meg bøkene til forfattar og filmskapar Dag Johan Haugerud.

Forfattar og filmskapar Dag Johan Haugerud har hausta mykje ros og fleire prisar for forfattarskapen sin. Foto: Baard Henriksen/Forlaget Oktober

– Forfattarskapen hans er ikkje så stor, og ikkje så kjent som han burde vere, men dei bøkene han har gitt ut, er både morosame, presise og tankevekkande, og filmane hans er også heilt fantastiske!

Boka di vert filmatisert – kven spelar hovudrolla?

– No er jo boka mi ei novellesamling, så ei filmatisering er nok ikkje særleg sannsynleg. Men om nokon til dømes skulle lage ein kortfilm av ei av novellene, ville eg ha ønska meg Birgitte Larsen i ei av rollene.

Birgitte Larsen har spelt i fleire filmar, mellom andre Som du ser meg (2012) og Lyset fra sjokoladefabrikken (2020), som begge var filmatiseringar av Haugerud sine bøker. No er ho aktuell i teaterstykket Etter stillheten på Nationaltheatret. Foto: Nationaltheatret

– Ho var strålande i Lyset fra sjokoladefabrikken av Dag Johan Haugerud, og er både ein svært talentfull skodespelar og ein veldig varm og fin person. 


Ruth Lillegraven sin krimdebut vert film, og forfattaren sjølv drøymer om Oscar-vinnar Cate Blanchett i hovudrolla. Foto: Kagge Forlag, AP Photo/Alessandra Tarantino. Kollasj: Framtida.no

Ingrid Senje

Alder: 34

Frå: Oslo, men busett i Milano

Utdanning: Master i nordisk litteratur og årsstudium i skapande skriving frå Skrivekunstakademiet

Yrke: Frilans manuskonsulent, språkvaskar og kritikar

Kor mykje les du sjølv? Eg les sikkert 100-150 manus i året som del av jobben min, i tillegg til dei bøkene eg les på fritida.