Har skrive dyster bok om klimaendringane: – Håpar lesarane blir inspirerte til å kjempa for jorda

Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 22.09.2021 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du òg lese om forskaren som har skrive bok om dei eklaste tinga han veit og elevane som hadde Kompani Lauritzen-veke!  

– Sjølv om me les overskrifter om at øyer forsvinn under vatn, at skogar brenn og at det blir meir ekstremvêr på jorda, så sluttar me ikkje å kjøpa oss hytter, bilar og t-skjorter til 30 kroner, seier forfattar Sanne Mathiasen og held fram:

– Eg trur me treng at regjeringa kjem inn og regulerer oss, slik at alle kan starta å tenkja annleis. For no er det fritt vilt.

No er forfattaren aktuell med ungdomsboka «Øya synker sakte», ein roman om ekstreme løysingar og sterke kjensler.

«Øya synker sakte» handlar om å leva på ei øy som søkk, medan kjærleiken veks. Boka er anbefalt for 12–16-åringar. Foto: Vigmostad & Bjørke

Dyster framtid

– Eg har alltid interessert meg for klima og ekstremvêr, så det vart naturleg at det vart ein del av handlinga, seier ho.

«Øya synker sakte» går føre seg i ei mørk framtid, der alle innbyggjarane blir strengt kontrollerte for å unngå at øya dei bur på blir tekne av naturkreftene. For å hindra at øya søkk, må alle innbyggjarane vegast kvar månad.

– Det er så koko at det blir moro. Handlinga i boka er satt til ei tid der klimaendringane har tatt såpass over, at folk har gitt litt opp, seier Mathiassen.

– Ekkelt å tenkja på

Sjølv om boka ikkje er basert på fakta, fann forfattaren ut at ho likevel ikkje var så langt vekke frå røynda.

Forfattaren fortel at noko inspirasjon til boka har ho hentar frå Senja.

– På Senja er det allereie slik at mange hus er ankra fast i bakken, slik at dei ikkje skal blåsa vekk. Det gjekk faktisk òg eit rykte der om at heile øya også er ankra fast. Det er nok ikkje sant, men det er artig å tenkja på.

Forfattaren fortel at ho henta inspirasjon til boka på Senja i Nord-Noreg. Foto: Sanne Mathiassen

Ho fortel at ho absolutt har kjent på kjensla av redsel for kva som kjem til å skje med jorda i tida som kjem.

– Eg synest det er ekkelt å tenkja på. I byrjinga var eg veldig redd og greidde ikkje å takla det særleg godt. Men så fann eg ut at eg måtte læra meg å stola på at regjeringa kan vera med på å gjera ei endring.

Ho har også starta å følgja miljøbevisste folk i sosiale medium, og prøver å gjera noko sjølv.

– Og så er det viktig å stola på at dei vaksne jobbar for endring. Eg håpar denne boka kan gi lesarane inspirasjon til å kjempa for jorda.


Poet Trygve Skaug ville invitert forfattar Halldis Moren Vesaas på middag. Foto: Paal Audestad/Cappelen Damm, Morten Krogvold/Aschehoug, via Orland/Wikimedia Commons