NASA har tatt den første steinprøven frå Mars

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om at vi kan sjå galaksar klarare enn nokon gong før

Steinprøven som Mars-roveren Perseverance har samla inn, er av det historiske slaget. Han er faktisk den aller første steinprøven som er henta frå ein annan planet enn jorda!

På det andre forsøket skulle det visa seg å gå som forskarane ønskte: Eit kamera som er festa på Perseverance, har bekrefta at steinprøven er trygt lagra inne eit røyr av titan.

Roveren brukte eit boresystem for å henta inn prøven, som er om lag like stor som ein finger, skriv NASA.

Her kan ein tydeleg sjå at prøvar frå steinen er trygt lagra inne i røyret som skal returnerast til jorda. Foto: NASA/JPL-Caltech/ASU/MSSS

Lærer om livet på Mars

Perseverance-roveren landa i Jezaro-krateret på Mars i februar i år. Målet med å senda ein robot til ein annan planet, er at han skal hjelpa forskarane på jorda med å læra meir om livet på Mars.

Eit sentralt mål for roboten Perseverance sitt oppdrag, er å læra og leita etter teikn på om det nokon gong har vore liv på Mars. Forskarar som jobbar med prosjektet, trur nemleg at Jezaro-krateret var fylt med vatn for milliarar av år sidan. Det betyr at steinane der framleis kan ha spor etter liv.

Rover-roboten skal halda fram med reisa si på den raude planeten, og samla inn fleire prøvar som skal returnerast til Jorda.


Skjermdump frå Instagram @astro_lizs_lab