Sondre Hansmark går av som Unge Venstre-leiar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kjem til å gå av som leiar ved landsmøtet vårt om nokre veker. Eg har hatt fire heilt fantastiske år, og eg er så stolt over alt Unge Venstre og Venstre har fått til.

Facebook annonserte Sondre Hansmark i går at han ikkje tek attval som leiar i november.

26-åringen vart leiar i Unge Venstre i 2017, og peikar på at han sidan den gong har vore med på å sikre dei to beste skulevala for Unge Venstre nokosinne og at moderpartiet kom over sperregrensa for tredje val på rad. Ved årets stortingsval hamna Venstre på 4,6 prosent oppslutning, og i skulevalet fekk partiet ny rekord med 10,7 prosent av stemmene.

Hansmark gler seg over at Venstre og ungdomspartiet står sterkare enn før, og avsluttar med å takke for tilliten og sondere jobbterrenget:

– No som eg gjev meg, treng eg noko nytt å gjere frå november av. Så sei frå om du veit om ein jobb – eg trur eg har litt av kvart å bidra med, skriv han.


Changemaker-leiaren ville invitert Jesus på «ræger og krabbeklør»:– Kan ikkje kome på ein meir sengomspunnen mann som både har vorte så hylla og så hata

Naja Amanda Lynge Møretrø (24) ville invitert Jesus på middag for å snakke om livet og avlive mytar. Foto: Stian Fossum Larsen, Falle i det fri, Pixabay.com Kollasj: Framtida.no