VISSTE DU AT?
- Dei siste tiåra har isen smelta meir kvar sommar, enn det den har vokse om vinteren. Sidan 1979 har sommarisen i Arktis krympa med to tredjedeler.
- Klimaendringane gjer at isen smeltar. På ytterpunkta av jordkoden, altså i Arktis og Antarktis, veks temperaturen to til fire gonger raskare enn gjennomsnittet for jorda.
- Mindre havis i Arktis fører til alvorlege konsekvensar for dyra som har tilpassa seg eit liv på, i og under isen gjennom tusenvis av år. Isbjørnen er ein av desse dyra.
- Forskarane trur at det arktiske havet i løpet av 30 år vil vera så og seia isfritt om sommaren.
Kjelde: WWF
– Det er kult å tenkja på at den båten eg har halde i handa, skal plasserast på Nordpolen, seier Tuva Holstad (11).
Aksel Seljeset Johannessen (11) synest det er kjekt å få vere med på ei så spennande forsking:
– Det er ikkje ei moglegheit du får kvar dag. Og så er det gøy at eg har sendt ein Aksel-båt til Nordpolen, seier han.
Saman med Kristian Kjenes Sjursen (10), Alma Rocio Posserud Glenjen (11), Thea Cecilia Dillekås (11), Emilie Vange (11) og dei andre i Klimaklubben på Landås i Bergen, har dei bidratt til viktig klimaforskning som skal skje i haust.
Dei har nemleg dekorert trebåtar som skal verte brukt til forskning i Arktis.
- Les også: Roboten Eva kan spegle kjenslene dine
– Veldig viktig klimaprosjekt
Forskarar frå Nansensenteret reiser no langt inn i isen i Arktis. Med seg på isbrytarbåten Le Commandant Charcot har dei med seg båtane elevane har dekorert.
– Dette er eit veldig viktig klimaprosjekt om klimaforskning, seier Alma Rocio Posserud Glenjen (11).

Bilete til høgre: Elevane fortel at dei teikna fritt på den eine sidan av båten, medan dei teikna logoen til Klimaklubben på den andre sida. Foto: VilVite
Om nokre veker skal trebåtane plasserast på eit stort isflak, saman med ein GPS-sendar som viser plasseringa. Isen smeltar medan den driv, og derfor kjem båtane etter kvart til å flyta ut på havet. Då er båtane ikkje lenger mogeleg å spora, men nokre av dei kan plutseleg dukka opp ein plass langt vekke.
– Målet med forskninga er i første rekkje å finna ut korleis isen driv og sjå kva område den er innom. Sidan isen blir tynnare på grunn av oppvarminga i havet, vil den driva fortare. Me samanliknar med tidlegare innsamla data, for å sjekka om farten har auka, seier Kjetil Lygre.
Han er forskar ved Nansensenteret og jobbar med trebåt-forskninga, som har fått namnet «Float your boat». Prosjektet har pågått sidan 2015, og sidan oppstarten har barn frå både Noreg og USA dekorert båtar som vert sendt ut.

Forskarane ved Nansensenteret synest det er kjekt at elevane frå Klimaklubben i Bergen har bidratt.
– Me tenkte at dette var noko barn ville lika å vera med på, sidan det er ei aktiv og praktisk tilnærming til forskning. Dette kan jo bli litt spennande, sidan me har ei nettside der elevane kan følga med på kvar isflaket flyt, seier Lygre.
Forskar Kjetil Lygre seier at nokre av båtane truleg vil enda opp aust i Grønland eller på Svalbard:
– Men no er det faktisk blitt funne ein båt som har stranda på Island. Den eine målebøya som har GPS-sendar, er komme forbi Grønland og nesten heilt til Canada, seier han.
Elevane på Landås er veldig spent på kor nettopp deira båtar endar opp til slutt.
– Dei kan jo enda opp kor som helst. Kanskje kjem dei seg heilt til New Zealand?
- Interessert i klimaforsking, men synest det er litt vanskeleg? Her får du forklart forskinga på Grønland ved hjelp av lego!