Ungdomsskuleelevar i Trøndelag er oftare rusa enn ungdom elles i landet. Nær éin av tre trønderske tiandeklassingar har vore rusa det siste året.
NPK-NTB
NPK-NTB

Medan den nasjonale delen er 25 prosent, er den 31 prosent i Trøndelag, viser tal frå Ungdata, ifølgje kanalen.

– Trøndelag har ein problematisk drikkekultur, seier rådgivar Jo Arild Salthammer ved kompetansesenter for rus i Midt-Noreg til P4.

Medan 9 prosent av tiandeklassingane i landet oppgir å ha løyve av foreldre til å drikke alkohol, er delen 16 prosent i Trøndelag. I enkelte kommunar er talet langt høgare, til dømes med 27 prosent i Midtre Gauldal.

– Forsking viser at barn bryr seg meir om det foreldra seier om alkohol enn det til dømes venner gjer. Tydelege grenser frå dei vaksne er derfor svært viktig, seier Salthammer.

Han understrekar at å starte med alkohol tidleg aukar faren for alkoholproblem seinare i livet.


LES OGSÅ

ANNONSE