Overraskande låg valdeltaking trass god tilrettelegging: – Hadde forventa ungdomsmobilisering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets valdeltaking er 1,7 prosentpoeng under vala i 2013 og 2017, då 78,2 prosent møtte opp i vallokala, men omtrent på nivå som valet i 2009.

– Det var litt overraskande at ikkje fleire stemde når tilrettelegginga var så god. Mange nytta seg av moglegheita til å førehandsstemme, men vi har sett før at høg deltaking der ikkje nødvendigvis betyr at det blir høg valdeltaking generelt, seier forskingsleiar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning (IFS) til NTB.

Han leier Stortingsvalundersøkinga 2019–2021. ISF har sidan 1957 leidd Det norske valforskingsprogrammet, som mellom anna ser på politisk representasjon og deltaking, veljaråtferd og valordningar, alt for å forstå den politiske utviklinga i Noreg.

– Vi hadde nok forventa ei ungdomsmobilisering på grunn av klima- og miljøsaka, seier valforskar Johannes Bergh, som var litt overraska over den noko låge valdeltakinga i år. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Miljøsaka glapp

Bergh vart òg litt overraska over at oppslutninga om partia med miljøprofil ikkje var større.

– For to år sidan såg vi at miljøpartia gjorde det spesielt bra blant unge. Den typen mobilisering ser ut til å ha late vente på seg i år, seier Bergh.

Valforskar Bernt Aardal seier at dei for nokre månader sidan var veldig bekymra for at situasjonen med covid skulle redusere deltakinga, men så snudde forventningane seg, då så mange stemde på førehand. Han rosar kommunane for god tilrettelegging.

Også han trudde på høgare deltaking på grunn av at klima- og miljøsaka ville tiltrekkje fleire unge.

Ser på grupper

– Det kom òg meiningsmålingar som peika i retning av høg deltaking, så på mange måtar er dette veldig skuffande, seier Aardal.

– Ein kan nok ikkje seie at låg valgdeltaking kjem av situasjonen med korona. Kommunane fortener tvert imot honnør for tilrettelegginga, seier valforskar Bernt Aardal, som er professor emeritus ved IFS. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Han understrekar at slike meiningsmålingar kan bomme, fordi dei kanskje ikkje fangar opp enkelte grupper og desse kan vere grupper med låg valdeltaking.

Det er uansett for tidleg å seie akkurat kva som har trekt valdeltakinga ned.

– Vi treng meir detaljerte data for å sjå på om dette kjem av at ungdommen ikkje har brukt stemmeretten sin, eller om det er andre grupper som har spesielt låg deltaking. Vi må til dømes sjå på om det er geografiske variasjonar, forskjellar mellom by og land, seier Aardal.


Åse Kristin Ask Bakke (25) er den yngste representanten på Stortinget etter valet.

Fakta om valdeltaking i Noreg

  • Valdeltakinga ved stortingsvalet i 2021 er 76,5 prosent, som er relativt lågt.
  • I åtte av dei elleve vala frå 1945 til 1989 var valdeltakinga over 80 prosent i Norge. Sidan då har den lege mellom 75,5 og 78,3 prosent.
  • Fallande valdeltaking er trenden i mange vesteuropeiske land.
  • Tradisjonelt pleier berre halvparten av førstegongsveljarane å bruke stemmeretten sin.
  • Det er ein tendens til at dei med høg utdanning og høg inntekt har ei større valdeltaking enn dei med mindre utdanning og låg inntekt.
  • Også norske statsborgarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn har låg valdeltaking.

(Kjelder: Statistisk sentralbyrå , Min stemme og Valdirektoratet)