Spesialisert lærarutdanning kan arme ut distriktsskulen: – Rar problemstilling, meiner Henrik Asheim

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre skuleår vart 39 skular nedlagde. Det er færre enn gjennomsnittet dei siste ti åra. Men den mangeårige utviklinga med at det blir færre skular, held fram.

Det slår Utdanningsdirektoratet sin analyse om skulenedleggingar i 2020–2021 fast.

No vert søkjelyset retta mot den nye spesialiserte lærarutdanninga som ein trussel mot dei attverande distriktsskulane.

Kroken på døra for grendeskulen?

– På dei små skulane har dei eit lite kollegium. Lærarane vil sjølvsagt ha heile stillingar, men då må dei ha ei utdanning som gjer at dei kan undervise i fleire fag. Lærarutdanninga i dag er svært spissa og spesialisert, og ein går ut med undervisningskompetanse i svært få fag. Resultatet blir at dei små skulane endar opp med ukvalifiserte lærarar eller lærarar som berre har kompetanse i nokre få fag.

Det seier Jenny Myklebust, lærar og representant for aksjonsgruppa Framtidens distriktsskole. Framtidens distriktsskole er ei ressursgruppe knytt til næringsliv og skule på Helgeland, som peikar på moglegheiter og utfordringar for dei små skulane i distrikta.

Dei fryktar at grunnskulelærarutdanninga, som over tid har produsert lærarar med undervisningskompetanse i stadig færre fag, på sikt heilt vil tømme distriktsskulane for kvalifiserte lærarar. Med det vert det kroken på døra for nærskulen på bygda, meiner dei.

Etterlyser breidde

Mange kommunepolitikarar viser i dag til utfordringa med å få tak i kvalifiserte lærarar når dei legg ned eigen nærskule.

Framtidens distriktsskole foreslår at lærarutdanninga må endrast slik at ho er tilpassa behovet til bygdeskulane.

– Ein må gjere eit fagleg utgreiingsarbeid for å sørgje for at det også vert utdanna lærarar som kan undervise i fleire fag, seier Myklebust, men meiner ikkje at spesialiseringa skal bort.

– Vi treng fordjuping også, men det må vere rom for å velje ein mindre spesialisert veg, slik at somme kan undervise i mange fag, slik dei treng i grendeskulen.

Jenny Myklebust i Framtidens distriktsskole meiner lærarutdanninga er for spesialisert, slik at små bygdeskular, som treng lærarar med fagleg breidde, må leggjast ned på grunn av lærarmangel. – Det må vere rom for å velje ein mindre spesialisert veg, slik at somme kan undervise i mange fag, slik dei treng i grendeskulen, seier ho. Foto: Hans Petter Sørensen

A- og B-lærarar

Henrik Asheim, forskings- og høgare utdanningsminister for Høgre, tykkjer det er ein dårleg ide å tukle med lærarutdanninga.

– Det er så merkeleg at dette er ein diskusjon. Det er ikkje aktuelt å sjå for seg at bygda skal ha dårlegare kvalifiserte legar enn byane. Så kvifor vil me fira på krava når det gjeld lærarar, spør Asheim når han snakkar med Nynorsk pressekontor.

– Høgre har sett i verk eit femårig mastergradsprogram for lærarar fordi det har vore sagt svært tydeleg frå forskingshald at norske lærarar ikkje har god nok fagleg fordjuping. Og det er vist at det er sterk samanheng mellom den faglege kompetansen til læraren og elevane si læring. Det er ein dårleg ide å lage ein eigen lærarutdanning for dei som vil jobbe i bygdene, seier ministeren.

– Henrik Asheim prøver å polarisere ved å påstå at dette vil lage eit A- lag og eit B-lag av lærarar. Vi har aldri sagt at vi vil lage ei eiga lærarutdanning, men at vi må gjere nokre justeringar på den utdanninga vi har, slik at ho er tilpassa dei mindre skulane på bygdene også, seier Myklebust.

– Rar problemstilling

Asheim stiller seg undrande til kritikken.

– Eg tykkjer det er ei rar problemstilling i og med at dei første mastergradsstudentane ikkje har gått ut enno. Det blir rart å trekke den slutninga at det er eit problem allereie no, meiner ministeren, men peikar samstundes på at Høgre-regjeringa ikkje var først med å vektleggje fordjuping i lærarutdanninga.

– Det var dei raudgrøne som gjekk bort frå allmennlæraren, men Høgre har følgt opp dette med mastergradsutdanninga.

– Mange kommunepolitikarar grunngjev ofte nedlegging med vanskar med å få kvalifiserte lærarar. Kva kan vere løysinga på det?

– Det må jo kvar enkelt kommune avgjere sjølv, kva dei gjer.

– Kommunen ønskjer samanslåing

– Er det ikkje regjeringa sitt ansvar at det vert utdanna lærarar som også kan jobbe i små distriktsskular?

– Hovudgrunnen til at skular blir lagde ned, er få elevar eller at kommunen ønskjer å slå saman skular. Dei som slit med rekrutteringa, må sjå på kva dei kan lære av andre for å trekkje til seg fleire lærarar.

– Kva vil Høgre konkret gjere for at nærskulen på bygda kan bestå?

– For Høgre er poenget at me sørgjer for at elevane får gode lærarar der dei bur. For at folk skal velje å bu på bygda, må dei vite at borna deira får ein like godt utdanning som om dei hadde budd i byen. Vi vil ikkje at skulestrukturen i Kommune-Noreg skal styrast frå eit kontor i Oslo, men at kommunen saman med foreldre og elevar må finne ut av dette i fellesskap.

Myklebust er ikkje med på premissen om at fordjuping er det som skapar kvalitet i undervisninga og minner om det som kan gå tapt om vi mistar grendeskulane.

– Dei små skulane har moglegheiter som ikkje dei større skulane har. Dei kan til dømes dra større nytte av lokalsamfunnet. Dei kan lettare samarbeide med lokal industri og næringsliv. Og dei har større tilgang til eit rikt uteklasserom, i fjæra eller i fjellet. (©NPK)