«Det verste som kunne skei»

Kirsti Sæternes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er djuptgripande og viktig, at eg håpar at du gir det di fulle merksemd. For internett kokar. Folk er rasande. Kanskje du og.

Eg snakkar om den skeia som høyrer til yoghurten.

Det er lett å plassere folk i éin av to kategoriar:

1: Den som tenkjer «Fucking finally, nokon som endeleg set ord på denne landstragedien!». Viss du tilhøyrer denne gruppa, kjem du diverre til å bli litt skuffa.

Eller så tilhøyrar du gruppe 2, som eg sjølv er i: Vi som tenkjer «Viss eg les enda ein sak om dette tøvet, skal eg personleg spore opp forfattaren og kvele dei med PC-leidninga si.»

Eg håpar du tenkjer det etter du har lese denne teksta, ikkje at eg er nemnte forfattar. Men eg gøymer leidninga i tilfelle.

Og uansett kva slags kategori du er i, tenkjer du kanskje no «Men … kvifor snakkar du om det, om du er så lei av det?» Nettopp derfor. Eg skal snakke om kvifor eg er lei av å snakke om det. Eller noko sånt.

Kirsti Sæternes på strandrydding. Foto: Privat

Why

Eg veit ikkje lenger kva side eg er mest oppgitt over. Eg seier why til dei som lagde produktet, og why til dei som klager over det.

For eg er på inga måte imponert over skeia. Absolutt ikkje. Tru ikkje at eg skal bruke denne teksta på å overtyde deg om at ho er guds gåve til menneske, for det er ho slett ikkje. Og eg er einig i at ho er dårlegare enn ho vi hadde før.

Men eg vil poengtere at ho ikkje blir her for alltid. Faktisk i enda kortare tid enn forgjengaren, den djupt sakna plastdingsen som vi eigentleg ikkje likte. Treflisa er nemleg ikkje ei permanent løysing. Tine har sjølv sagt at skeia berre er eit substitutt, at dei jobbar med ei anna løysing.

Eg meiner ikkje at denne treskeia er eit vidunderprodukt. Men eg tenkjer også at det får vere grenser på kor mykje vi skal klage. Eg gjer difor som då NSB skifta namn, og seier det til begge i denne saka her – Why oh Why!

Why oh why, det her går skeis.

Heile saka minner meg sterkt om då NSB blei VY, og folk begynt å klage over at dei sakna NSB så fælt. Det skjønte eg aldri. For dei likte aldri NSB. Ein kom seg aldri frå A til B med NSB. Vi måtte gå for fly for buss før også.

For lat oss vere ærlege – ingen av oss likte vel eigentleg den plastskeia? Det litle plastruklet som går i stykkar berre ein ser på det, saknar vi verkeleg det?

For lat oss vere ærlege – ingen av oss likte vel eigentleg den plastskeia?

Eg har prøvd den nye, og eg kan definitivt ikkje seie at ho er betre. Eller like god, for den saks skuld. Men eg hadde ikkje eit stort problem med å bruke ho. Det blei ikkje masse søl. Det går fint å bruke ho sjølv om ho har bismak. Eg treng ikkje svelge skeia for å ete frå ho. Eg er ikkje heilt sikker på korleis dokker et med ho, dokker som finn ho så høgst problematisk.

Og heilt ærleg: er det så vanskeleg å ta med seg ei eiga skei? Det kan hende eg snakkar i miljøentusiastens naive veganer-ånd (eg er ikkje veganer, altså, men alt for sjølvironien), men det å tileigne seg vanar om å ta med seg ei skei i sekken/lomma/veska, det krev faktisk ikkje så mykje. Ikkje eigentleg.

Kor av sinte stemmer

Då trusselen om pappsugerør blei reelt høyrde vi det same koret av sinte stemmer. Eg er heilt sidan då vant med å ta med stålsugerøyr når eg skal ut/reise. Så å inkludere resten av bestikket i ein snedig liten bestikkpose i sekken min, det var ein naturleg utvikling.

Symbolpolitikk innan miljø er eit av dei mest perverse områda å ha symbolpolitikk på

Og eg skjønner at folk er lei av symbolpolitikk. Eg tykkjer at symbolpolitikk innan miljø er eit av dei mest perverse områda å ha symbolpolitikk på, for utan ein riktig stilt klimapolitikk er vi, på godt nynorsk, føkked. Då går alt skeis. Difor kan ein jo himle med auga og stønne oppgitt når ein ser treflisa ein skal ete yoghurten med. For ho er sjølvsagt pakka inn i – kva då? Ja, nettopp. Plast. For ikkje å snakke om yoghurten i seg sjølv. 

Eg skjønner det kan verke som rein symbolpolitikk. Då eg fekk eit pappsugerør til den plastinnpakka frappen min, tenkte eg det same. Men sjølv små skritt i riktig retning, er skritt i riktig retning.

Kirsti Sæternes si miljøentusiasme gjev seg uttrykk på fleire vis. Foto: Privat

Og då himlar du kanskje med auga og seier «Men det er jo berre ei skei!», men lat oss gjere eit reknestykke: Let oss seie at du et éin slik yoghurt med treskei i veka (kanskje et du færre, kanskje fleire, men no seier vi éin, for statistikkens skuld). Då blir ei skei til 52 i løpet av eit år. «Okei, så 52, då. Det er jo ikkje eigentleg mykje plast.» Problemet er at vi er over 5 millionar menneske her i Noreg. Då blir denne eine skeia i veka, plutseleg 260 millionar totalt, eller noko sånt. Veldig mange, i alle fall. Litt fleire enn éin.

Eg skjønar frustrasjonen, folkens. Men det er ikkje det verste som kunne skje. Verda går vidare. Vi kjem til å sitje lenger med VY enn med dette skei-designet, så held ut litt til. Vi er tvunge til å senke levestandarden vår på grunn av plastskei-mangel, men dette er ein moglegheit til å tenkje innovativt. Kanskje nett du kan utvikle eit skei-design for Tine? (Kanskje bli rik på det og? Eg veit ikkje kva Tine betaler skei-designarar.) 

I mellomtida, stay strong, og ha ei skei i lomma. For dei fleste er ikkje det vanskeleg.

Kos og klemz, Miljøentusiast


Les fleire meiningar her!

LES OGSÅ: «På 20-årsdagen min var eg overbevist om at livet mitt var over»

Alle illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen